Hopp til innhold

Påsken er starten på småbåt-sesongen - slik førebur redningsmannskapa seg

Påske er for mange fjell og ski, men sein påske betyr også starten på årets båtsesong. På kysten førebur redningsmannskapa seg no mot høgsesong.

Påsken er for mange starten på årets båtsesong. Vi vart med då ein Sea King frå 330 Skvardron trente på sjøredning saman med redningsskøyta Halvdan Grieg.

SJÅ TV-REPORTASJE: Slik øver redningshelikopter og redningsskøyta på sjøbering.

Erland Karlsen, 330 Skvadron

FLYG EI TRAVEL TID I MØTE: Fartøysjef Erland Karlsen på redningshelikopterbasen i Florø.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Påskeklar småbåthamn i Florø

SESONGSTART: Sein påske er for mange langs kysten også starten på årets båtsesong. Det gir travlare tider for bergingsmannskapa langs kysten.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Litt før, i påsken og etter påske tek båttrafikken seg veldig opp. Når det blir meir trafikk, blir det også fleire hendingar, seier base- og fartøysjef Erland Karlsen på 330 Skvadron sin base i Florø.

NRK.no var med då eit av Luftforsvaret sine redningshelikopter trente på sjøredning saman med redningsskøyta «Halvdan Grieg». Sjå tv-reportasje øvst i artikkelen.

– Vi flyg meir på båt frå no og utover, fastslår Karlsen i det han tek plass i pilotsetet framme på styrbord side i den store Sea King-maskina.

Forutan Karlsen, utgjer andrepilot, navigatør, maskinist, redningsmann og lege mannskapet på det som er eitt av seks redningshelikopter som til ei kvar til skal vere i beredskap langs norskekysten.

– No skal vi ut på treningstur. Vi skal gjere ei heiseøving saman med redningsskøyta «Halvdan Grieg», forklarer Karlsen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sea King og redningsskøyte

TRENER PÅ SJØREDNING: Ein redningsmannn blir firt ned frå Sea Kingen mot ei ventande redningsskøyte.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

«Mann over bord»

Avtalen er at redningsskøyta frå Måløy skal gå nordover mot Stad. Det skal øvast på to scenario. Ei dukke skal hentast opp av vatnet, leggast på båre og så heisast om bord i redningshelikopteret. I tillegg skal ein av mannskapet på redningsskøyta hoppe i sjøen og fungere som markør i mann-over-bord-øving.

Utsikt frå Sea King

KORT RESPONSTID: Redningshelikoptera skal normalt vere i lufta før det har gått 10 minutt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dette er scenario som er viktige å øve på, ikkje minst når småbåtsesongen står for døra.

– Utfordringa med redning til sjøs kan vere dårleg vêr der mykje vind og store bølgjer kan gjere det vanskeleg å gjennomføre heising, forklarer Karlsen.

Når alarmen går til sjøs, veit mannskapet ofte ikkje kva som ventar.

– Det kan vere alt frå situasjonar som i utgangspunktet ikkje er farlege, men som kan utvikle seg. Og til dei verste der vi har båtar i brann, eller båtar som er ferd med – eller har gått ned og er sakna, forklarer Karlsen.

Redningshelikopteret set kurs frå basen i Florø nordover mot Stadt.

RS Halvdan Grieg

TETT SAMARBEID: Redningsskøytene langs kysten trener med jamne mellomrom på sjøredning saman med Luftforsvaret sin 330 Skvadron.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

På sambandet kallar Karlsen opp kollegaene på redningsskøyta. «Halvdan Grieg, Halvdan Grieg. Redningshelikopter Florø.» «Vi er framme om fem minutt».

Samstundes har to redningsskøyter nådd fram til det elles så vêrharde Stadhavet. Forutan Halvdan Grieg er ei mindre redningsskøyte med.

Trener så ofte som mogleg

I fjor rykte Redningsselskapet sine skøyter ut over 2000 gonger på ordre frå Hovudredningssentralane for Sør- og Nord-Norge. Ofte med hjelp av Sea Kingen, slik som i dag. Med årets båtsesong, som for mange startar ved påsketider, for døra, ventar mange slike oppdrag.

Geir Antonsen, RS Halvdan Grieg

BUR SEG PÅ SMÅBÅTFOLKET: Skipsførar Geir Antonsen på redningsskøyta 'Halvdan Grieg'.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi prøver å fokusere på samhandling med alle etatar. Både brann, politi og 330. Så vi prøver å få øvd mest mogleg, seier kaptein Geir Antonsen på «Halvdan Grieg» i det Sea Kingen sine rotorblad piskar opp sjøen rundt han.

For mannskapet på redningsskøytene langs kysten er påska starten på ei travel årstid.

– Ofte er påska starten på båtsesongen. Det er gjerne første gongen at båten blir teken ut på tur etter vinteropplag. Vi reknar med at det blir ein del båttrafikk i påska.

Bak på dekk kjem redningsmann og lege etter tur ned lina frå redningshelikopteret. Same veg kjem ei stor dukke og ei båre. Dukka som simulerer ein skadd pasient blir stroppa fast på båra og heisa tilbake opp i helikopteret. Så langt har alt gått etter planen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sjøberging

HENTA FRÅ VATNET: Ein markør frå redningsskøyta blir raskt plukka opp av redningshelikopteret sin redningsmann.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

30 hektiske minutt

Redningsmannen og lege blir løfta tilbake i helikopteret, mens ein frå mannskapet på «Halvdan Grieg» hoppar i den kalde sjøen. Iført overlevingsdrakt driv han raskt bort frå båtane.

Snart dukkar redningsmannen på ny opp i døra på redningshelikopteret, no med froskemannsføter. I løpet av eit par minutt har han vore nede i sjøskorpa, hekta med seg den skipsbrudne og berga han opp i redningshelikopteret.

Redningsmann på veg ut frå Sea King
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Heile øvinga er over i løpet av 30 hektiske minutt. Redningsskøytene set kurs mot sin base i Måløy, mens Sea Kingen kallar opp flytårnet i Florø og går inn for landing.

– Øvinga med redningsskøyta gjekk bra. Vi fekk gjort det vi skulle og fekk trent på fleire moment. Ei vellykka øving, fastlår Karlsen i pilotsetet.

Han landar på basen i ein kystby der påsken for mange er vel så mykje sjø som ski og fjell. I småbåthamnene i Florø er aktiviteten høg.

– No har vi tatt opp båten for å spyle den av litt på undersida så vi får litt fart i påska. Det mangla 10 knop, men det blir bra når vi berre får spylt av det som har grodd på i løpet av påska, forklarer Lars Haugnes med pistolen til ein høgtrykksspylar i handa.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Båtklargjering i Florø

KLAR TIL PÅSKE: Bjarte og Lars Haugnes i Florø gjer som mange båtfolk, startar sesongen ved påske.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Elskar påskesjøen

Sjølve finpussen ventar Haugnes med til det er blitt litt varmare i lufta. Då blir det full vask og polering. Men på sjøen i påska må han.

– Då er det lenge sidan ein har vore ute i godt vêr. Det brukar ofte å bli ganske fint med stille vêr og sol i påska. Og så er det ikkje mygg. Det er ingen udyr ute. Det er det beste.

Heller ikkje sonen Lars Haugnes er i tvil om kva som er den beste påska.

Bjarte og Lars Haugnes

SJØPÅSKE: - Det er mykje betre å vere på sjøen enn på fjellet i påska, meiner Lars og Bjarte Haugnes i Florø.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Sjøpåske. Definitivt. Drive å rote oppe i snøen med knekte bein … Nei, det er ikkje noko moro. Det er mykje betre å vere på sjøen. Det er stille, fredeleg. Ein slepp unna alt bråket som er på land og kan ligge og fiske, sjå på fuglar og himmelen. Slappe av, seier han lurt.

Kva med tryggleiken?

– Den er alltid i høgsetet. Vi kler oss i flytetøy. Ein har jo opplevd at det kan blåse opp litt, eller ein kan få noko i propellen. Då er det godt å ha godt utstyr og noko å berge seg med viss det skulle gå gale, seier far Haugnes og får støtte frå sonen.

– Vi har redningsvestar til alle, og har investert i flytedressar. Eg trur det viktig at ein har utstyret klart. Har du ikkje alt klart, kan det fort gå gale. Det er viktig med tryggleiksutstyr, seier Lars Haugnes.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Redningsøving

SNART BERGA: Ein person ligg i overlevingsdrakt i den kalde sjøen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Tenkjer ikkje på at dei er der

Seks mil unna, i småbåthamna i Førde er Oddbjørn Farsund utom for å sjå til skjergardsjeepen sin. Også her inne i Førdefjorden har mange alt starta båtsesongen. På land står andre båtar til klargjering for å komme ut til påske. Sjølv reknar Farsund reknar med det blir eit par turar på fjorden.

– Det er trygt å vite at naudetatane står klare. Det er ein ekstra tryggleik, seier Farsund.

Han vedgår at han tenkt tanken på kva som ville skje viss han fall over bord med redningsvest og mobiltelefon som einaste beredskap. Kven som eventuelt skulle kome og berga han, har han tenkt mindre på.

Redningsøving, 330 Skvadron

PÅ VEG OPP: Redningsmannen blir heist om bord i Sea Kingen. Med seg har han personen som låg i den kalde sjøen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg tenkjer i grunn ikkje på det. Men det er vel fordi eg veit at dei er der, ler båteigaren i Førde.

Rådet frå dei som kan måtte berge deg er i alle fall klart:

– Ta tryggleiksreglar med i alle aspekt av turane ein skal på. Ha kommunikasjon om bord, og ha med fleire former for kommunikasjon slik at ein får varsla andre. Og ta med påbode tryggleiksutstyr som flytevest, seier fartøysjef Erland Karlsen på redningshelikopteret i Florø.