Hopp til innhold

«...og vi garanterer: Vi har IKKJE øvd!»

Med Finn Tokvam som konferansier, er du garantert ei festivalopning av dei sjeldne. Det fekk publikum oppleve under Førdefestivalen. Men øvd - det hadde korkje han sjølv eller Sigrid Terese Moldestad...

Konferansier Finn Tokvam og Sigrid Moldestad sin opptreden på scena under opningskonserten av Førdefestivalen 2014.

HEFTIG STUNT: Finn Tokvam og Sigrid Moldestad i ein litt utradisjonell opptreden under opninga av Førdefestivalen.

– Einkvar festival med respekt for seg sjølv har eit tingingsverk - eller eit bestillingsverk, som det blir kalla på sidemål. I år har eg sjølv teke på meg dette, så det er vel å rekne som eit påtvingingsverk, sa konferansier Finn Tokvam.

Det var opningskonsert under Førdefestivalen i Førdehuset, og framfor eit høgtidsstemt publikum valde den kjende radiostemma å ta ein litt uvanleg vri på scena.

Før han fekk fram Sigrid Terese Moldestad, forklarte Tokvam vidare:

– Eg har teke utgangspunkt i dei store linjene i verda, nemleg Nordfjord - Sogn, med det felles problembarnet i midten; Sunnfjord. Så blanda eg vals- og slåttetradisjonar frå Nordfjord med hoing og rytmiske rørsler frå indre Sogn.

– Hoing er nært beslekta med strupesong, som førekjem i indre Sogn på sein kveldstid. Det kan vi beskrive som ein blanding av rop om hjelp og erotisk trong. Det er iallfall plenty med innestengt seksualitet, sa han.

Øvst i saka kan du sjå innslaget som fekk folk til å opne latterdøra på vidt gap. Sjølv åtvara Tokvam publikum slik: «...og vi garanterer: Vi har IKKJE øvd!»