Hopp til innhold

Slik gav russejentene seg sjølve ein hysterisk god start på dagen

– Ein god start på dagen, humrar Siv Oldeide om stuntet ho og Benedikte Flataker starta onsdagen med.

Siv Oldeide og Be­ne­dik­te Fla­ta­ker

HYSTERISK: Både bilistar og russejentene Siv Oldeide (t.h.) og Benedikte Flataker fekk seg ein god latter onsdag morgon.

Foto: Privat

Utrusta med gule refleksvestar, campingstolar, blokk og mamma sin hårfønar, tok russejentene Siv Oldeide og Benedikte Flataker plass langs riksveg 15 på Kulen ved Måløybrua i Vågsøy.

Mange trudde det var ein ekte fartskontroll då dei såg jentene på busstoggen.

– Det var hysterisk morosamt å sjå bilistane slakke ned og tru at det er ein ekte fartskontroll. Vi såg tydeleg at folk bremsa ned med det same dei kom rundt svingen og såg oss, humrar Oldeide.

– Skvatt litt

Det var Fjordenes Tidende som først skreiv om russejentene som i kring ein time «føna» trafikken i 60-sona. Mange bilistar fekk seg ein god latter på heile stuntet.

– Dei fleste skvatt litt til, men smilte og lo når dei kom nærmare. Då såg dei russebuksene og skjønte at det ikkje var politiet som stod der. Vi gav tommel opp og vinka dei vidare. Men enkelte var nok litt smånervøse og stogga, smiler Oldeide.

– Eine sa han køyrde i 75 km/t og snakka i mobiltelefon, og spurte om vi skreiv ut bøter, ler Oldeide.

Følgde ikkje boka

Russejenter lurte trafikkantane.

FØNAR: Frå avstand kunne det sjå ut som ein ekte kontroll, men det var det absolutt ikkje Benedikte Flataker og Siv Oldeide (biletet) dreiv på med.

Foto: Privat

Oldeide fortel det ikkje var utan grunn at dei valde 60-sona på Kulen. For her held både det lokale lensmannskontoret og Utrykkingspolitiet ofte kontrollar. Også russejentene såg bilistar som ikkje følgde boka.

– Det var ein del som snakka i mobiltelefonen, medan andre køyrde utan lys, fortel Oldeide.

Stuntet resulterte i ein av kring 100 moglege knutar som russekullet i Måløy kan sikre seg. Med andre ord er det overhengande fare for fleire «trafikkfønarar» i næraste framtid.

– Ikkje heldig

Operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt trekkjer litt på smilebandet når han høyrer om russeknuten i Vågsøy.

Samstundes som han ser at slikt kan ha ein førebyggande effekt, meiner han russen bør ha fokus på andre russeknutar enn denne.

– Dette er slikt ein bør vere trent til å gjere, og dersom det oppstår farlege situasjonar i samband med til dømes nedbremsing, så er det uheldig, seier han.

Skreiv «parkeringsbøter»

Resten av onsdagen brukte Oldeide og Flataker til å sikre seg fleire russeknutar.

Mellom anna signerte kring 30 personar på ein kampanje for at hybelkaninar skal vere med på å dele husleiga til ungdomar.

Dei gjekk polferd til Vinmonopolet. I tillegg fekk 10–15 bilistar ei «parkeringsbot» med hyggeleg melding som «ha ei fortreffeleg påske» og «du har parkert godt» på frontruta.

– Men «trafikkontrollen» var kjekkast. Det gav oss ein god start på dagen, humrar Oldeide.