Hopp til innhold

Klimaforskar åtvarar - trur den snødekte hyttedraumen kan bli kortvarig for mange

Har du tenkt å kjøpe deg hytte ved eit skianlegg? Då kan lykka bli kortvarig. Endringane i klimaet kan nemleg gje vintrar med mykje mindre snø dei komande åra.

Hydla Hyttegrend

NÆR SKIANLEGG: På få år har det kome opp langt over 100 hytter i Bøanedsetra Hyttegrend i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

For mange er den ultimate draumen ei hytte like ved eit skianlegg. Med kort veg kan store og små spenne skia på seg utanfor hyttedøra og legge ut på både nedoverski og bortoverski.

Men med eit klima i endring er det ikkje sikkert den snødekte hyttedraumen blir slik folk har tenkt.

Carlo Aall i Vestlandsforsking seier dei som kjøper seg hytte bør tenkje seg om.

– Folk må bu seg på at vintrane stadig oftare blir «slått av» i åra framover, seier han.

Meiner folk bør tenkje langsiktig

Denne vinteren har lite og ingen snø vore ei katastrofe for mange skianlegg på Vestlandet. Fleire anlegg har knapt hatt ope, og dei som har hatt lyst til å gå og stå på ski har måtte reise lenger for å oppfylle det ønsket.

Carlo Aall i Vestlandsforsking meiner den siste vinteren viser korleis vintrane kan bli i framtida.

– Det er i kystnære strok og dei plassane som ligg lengst unna isbreane at snøen vil forsvinne først, seier han.

Samtidig som klimaet er i endring er det ei storstila utbygging av hytter i nærleiken av skianlegg. Men Aall meiner det nokre stader ikkje er lurt å byggje hytte om det er snø like utom døra folk er ute etter.

– Det kjem litt an på kva tidshorisont folk ser for seg. Dei neste ti åra går dette sikkert bra, kanskje i 20 år også, seier forskaren.

(Artikkelen held fram under)

Carlo Aall

BØR TENKJE SEG OM: Meiner klimaforskar Carlo Aall.

Foto: Arve Uglum / NRK

Satsar ikkje berre på ski

Stryn vinterski er blant dei mange skianlegga som har hatt ein dårleg sesong. Men styreleiar ved Bøanedsetra Hyttegrend som ligg like i nærleiken, Halvard Bøe, ser ikkje for seg snøhungrige hytteeigarar i åra som kjem.

– Dei som går for ein rein skidestinasjon, vil nok velje seg meir snøsikre plassar enn Stryn. Her er vinteren uansett på berre to-tre månader, men vi har eit komplett tilbod, seier Bøe.

Han trur folk vil reise på hyttene sine i Stryn, snøforhold eller ikkje snøforhold.

– Her i Stryn reknar vi oss som ein heilårsdestinasjon, og det er ikkje berre skiaktivitetar som trekkjer folk, seier styreleiaren.

– Satsar på heilårsaktivitet

Heller ikkje i Harpefossen hyttegrend i Eid er dei uroa. Der planlegg dei nye 500 hytter, sjølv om sesongen ved skisenteret har vore dårleg.

Å sikre hyttefolket eit tilbod året gjennom vil gjere hyttene attraktive, trass snømangel, meiner dagleg leiar Reidar Atle Vonheim.

– Vi ønskjer at folk skal vere her heile året. Difor satsar vi på heilårsaktivitet, og prøver lage tilbod som er attraktive både for eksisterande hyttefolk og komande hyttefolk, seier Vonheim.

(Artikkelen held fram under)

Harpefossen

SLIK VIL FOLK HA DET: Det er slike forhold mange har mest lyst på når dei kjøper seg hytte like i nærleiken av eit skianlegg. Biletet er frå Harpefossen skisenter i Eid.

Foto: Anne Grethe Strand

– Kan du bruke hytta på ein annan måte?

I Vestlandsforsking trur Carlo Aall at nettopp dette med å tilby andre aktivitetar enn det som er knytt til snø og ski blir viktig.

– Det går vel an å utvikle sommaraktivitetar også, men eit skitrekk er i utgangspunktet eit skitrekk, seier forskaren.

Han meiner dei som drøymer om å kunne gå på ski frå hytta i lang tid framover, må tenkje annleis i framtida.

– Folk må spør seg som dei kan bruke hytta på ein annan måte, i tillegg til skiaktivitetar. Om svaret på det er nei, ville eg ikkje kjøpt hytte der, seier Aall.

Trur skiforholda er viktig

Ein som trur Aall har rett i at hyttekjøparar bør ta klimaendringane med i reknestykket sitt, er hytteeigar Øyvind Tjervåg i Stryn. Han trur ikkje det er like greitt for alle hytteeigarar om snøen forsvinn.

– Mange brukar hytta meir om vinteren enn om sommaren, så eg trur nok skiforholda har stor betyding for bruken av hyttene.

– Spesielt kanskje for å få med seg ungane vil det vere viktig med tilgang til eit ope alpinanlegg, så det er heilt klart viktig at det ligg til rette for vintersport rundt hyttene, seier Tjervåg.

Klimaforskar Carlo Aall vil ikkje vere for bombastisk i sine råd, men seier det slik:

– Verda har alltid vore usikker. Men det einaste rådet eg vil gje, er at om du kjøper ei hytte som mister bruksverdien om snøen forsvinn, så burde du tenkje deg om.

Stryn Vinterski, 25.02.14

DÅRLEG SESONG: Stryn Vinterski har hatt ein svært dårleg sesong. Slik såg det ut i slutten av februar.

Foto: Stryn Vinterski / Webkamera