Hopp til innhold

Slik kan du førebu deg til tur i skredfarleg terreng

Kring 30 tinde-rettleiarar frå heile landet var i dag samla i Jostedalen. Her lærer dei seg mellom anna siste nytt når det gjeld metodar for å vurdere skredfare i fjellet.

Tindevegleiarane har dei siste dagane vore samla i Jostedalen for å oppdatere kunnskapen om skredfare.

SJÅ VIDEO: Tinde-rettleiar Jostein Aasen syner kva han har i sekken sin.

– No har vi vore godt stilte med kvitevarer ei stund. Det er rikelege mengder no, seier Jostein Aasen, tinde-rettleiar i Jostedalen.

Akkurat no er det mykje laussnø i fjella, når det då kjem mykje vind og flyttar på laussnøen så får vi høgare skredfare, seier han.

NVE si snøskredvarsling melder at skredfaren i Sogn og Fjordane framleis er høg og ligg på den nest høgste faregraden.

Aasen seier at dersom ein skal ut på tur bør ein ha ein plan om kva ein skal, kor bratt turen er, ha kunnskap i forhold til skredvarselet som er meldt, samt godt utstyr til turen ein skal ut på.

Stadig utvikling i snøskredfaget

– Snøskredfaget utviklar seg heile tida, og for ein del av desse så er det ei stund sida dei kvalifiserte seg, seier ansvarleg for skredsamlinga i Jostedalen, Markus Lanadrø.

Han meiner at også tinde-rettleiarar med sertifikat til jobben sin treng oppdatering med ny kunnskap.

– Mellom anna så har bruken av ulike vurderingsmodellar for å sjå om ein kan køyre i eit heng eller ikkje utvikla seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skredsamling i Jostedalen

SAMLA: Tinde-rettleiarane får ny kunnskap om skred på samlinga i Jostedalen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Tinde-rettleiarar i ulike yrker

Tinde-rettleiarane jobbar mellom anna på høgskular med utvikling av ulike frilufts- og idrettsstudium.

Andre er legar og driv med utvikling av fjellmedisin i Norge, så har ein dei som er sentrale i utviklinga i snøskredvarslinga. Nokre tinde-rettleiarar jobbar med tilkomst-teknikk, blant anna klatring i oljeindustrien i Nordsjøen.

Alle tinde-rettleiarar er også med i alpine fjellredningsgrupper og hjelper til når det er komplekse ulykker.

Reist heilt frå Svalbard

Marit Svarstad Andresen er einaste kvinne på snøskredsmalinga. Ho driv med fjellføring både vinter og sommar, skredkurs, skiføring, klatreføring samstundes som ho jobbar på Høgskulen i Sogn og Fjordane med friluftslivsstudiet der.

– Det er ikkje så mange av oss, men vi er til saman fire. Vi har lik moglegheit som gutane, men kanskje det er slik at fleire gutar har større tru på at dei kan. Det er nok eit mannsdominert miljø, seier ho.

Sigmund Andersen har reist heilt ifrå Svalbard for å vere med på samlinga.

– Eg er den einaste tinde-rettleiaren på Svalbard, så det er fint å kome hit og vere ein del av eit større fellesskap. Det er jo snø på Svalbard og, så skredproblematikken er absolutt relevant for føringa på Svalbard og.