Hopp til innhold

Slik jobbar Bakke og Sogndal med fylkesprofilen

Bakke er klar på at fylkesprofilen er viktig for Sogndal. Denne veka har klubben hatt Simen Lefdal (Eid) og Erling Myklebust (Stryn) på hospitering. I tillegg har Edin Øy (Årdal) fått sjansen til å prøve seg.

Sogndal vil ta i bruk fleire lokale spelarar.

ALDER INGA HINDRING: - At du er ung, skal ikkje tale mot deg, berre du er god nok, seier Sogndal-manager Eirik Bakke.

– Det er dei tre vi har mest i kikkerten no. Vi har lyst til å få dei inn her og gje dei gode treningskvardagar. Dei har godt av å komme inn og heve seg litt, trur Bakke.

Klubben har hatt spelarane i kikkerten lenge.

– Eg er sikker på at desse kjem vi til å høyre mykje om i åra som kjem. Det kan godt hende at vi ser desse tre på førstelaget allereie denne sesongen, seier Bakke.

Men han er klar på at spelarar må vere gode nok for å spele på Sogndal.

– Eg hentar ikkje spelarar til Sogndal som ikkje er klar til å vere her. Det må vere ein plan, seier Bakke.

Under førre trenar Jonas Olsson sitt styre fekk Sogndal til tider kraftig kritikk for at han ikkje let lokale spelarar få prøve seg, og at fylkesprofilen til Sogndal var for dårleg.

Har alltid vore viktig

Han er klar på at Sogndal ikkje er interessert i å berre nappe vekk spelarar frå dei lokale klubbane.

– Vi er opptekne av at dei andre klubbane skal få opp gode lag, dei også. Der er vi annleis enn dei andre. Men vi har lyst til å påverke kvardagen deira, slik at dei kan få maksimalt ut av det, seier Bakke.

Han peikar på at det alltid har vore viktig for klubben å ha mange spelarar frå Sogn og Fjordane på laget, så framt det er mogleg.

– Før sesongen tok til i fjor hadde vi 11 spelarar frå Sogn og Fjordane. Det var først ut på sommaren at det var fire som forsvann, seier Bakke.

Låg alder er inga hindring

– Spelarar som vi har veldig tru på, kan ta steget inn på førstelaget. Dei skal få mange sjansar utover, seier Bakke.

At dei er unge, skal ikkje tale imot dei, meiner manageren.

– Så lenge du er god fotballspelar, så betyr det ikkje noko kor ung du er. Det har historia i klubben synt. Vi er vant til å gje unge spelarar sjansen. Vi torer å satse på dei, og det er ein av styrkane våre, seier Bakke.