Hopp til innhold

Slik har folk i fylket feira dagen

Over heile Sogn og Fjordane har folk gått i tog i sitt finaste tøy. Norske flagg har vaia i vinden og folk har kosa seg med is og rømmegraut.

Nokre dagar før nasjonaldagen var det mange som deppa litt på grunn av dei heller dårlege vêrmeldingane. Mange var budde på regn og vind, men dei aller fleste kunne leggje att paraplyen og regnkleda heime.

– Nedbøren har heldt seg mykje ute i havet, så det har ikkje vore så gale på land, kan statsmetereolog Anne Mette Olsen ved Vêrvarslinga på Vestlandet konstatere.

Dermed har det kanskje blitt ekstra mykje is og moro på både store og små. På Sandane kunne folk gle seg over eit stort norsk flagg som var måla i snøen høgt til fjells, og i Førde var brannsjefen ein ekstra glad mann etter at toget gjekk som det skulle.

Styggevêret kjem

Utover ettermiddagen og kvelden kan det dessverre sjå ut til at det blir litt regn likevel. Olsen seier det ligg nedbør ute i havet ved Stad som no er i ferd med å bevege seg sørover.

– Det ser ut til at dette er i ferd med å drive sørover, så særleg ytre strok vil nok få nedbør ut på ettermiddagen, seier Olsen til NRK.no.

Under kan du sjå litt av toget som gjekk gjennom gatene i Førde denne 17. mai.

Video 17.mai-tog i Førde