Hopp til innhold

Slik har fiskebåten fått nytt liv

Medan mange andre liknande fartøy har blitt til spikar, har M/S Haugefisk fått leve vidare. Etter snart ti år med dugnad blir den meir og meir lik båten den var i sine glansdagar.

Bli med Haugefisk på tokt for å teste egnemaskina.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide/Redigering: Ole André Rekkedal

PÅ TOKT: MS Haugefisk var onsdag føremiddag på tokt på Frøysjøen i Bremanger. Her testa dei ut den nye egnemaskina om bord. FOTO: Erlend Blaalid Oldeide. REDIGERING: Ole Andre Rekkedal.

Jostein Nødset

SKIPPER: Jostein Nødset kosar seg som skipper på MS Haugefisk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Den går heilt utruleg bra. Dette er ein god og stødig båt, seier skipper Jostein Nødset.

Etter mange år som skipper på hurtigbåtar likar han seg godt i den gamle autolinebåten.

– Dette er ein veldig fin båt, understrekar Nødset.

Testa ut ny maskin

I dag var stod han ved roret då ein gjeng frå Haugefisk venner og Kystmuseet var på Frøysjøen utanfor Bremanger for å teste ut den nymonterte egnemaskina.

Nettopp den maskina er noko av det som gjorde M/S Haugefisk spesiell då den gjekk som fiskebåt på det opne havet.

– Egnemaskina som var på båten opphavleg har ikkje vore å oppdrive, så vi har fått ei maskin om bord som er litt nyare. Det er den vi har testa ut i dag, seier Ole Martin Grotle i Haugefisk Venner.

Nekta la båten bli til spikar

M/S Haugefisk er den einaste shelterdekka autolinebåten frå 1978 som er igjen i Norge, og trass sin unge alder har båten fått vernestatus.

Sidan 2005 har den gamle linebåten blitt teken vare på, og no liknar den stadig meir på seg sjølv i glansdagane.

Den 105 fot lange autolinebåten vart brukt til banklinefiske i både Nordsjøen, Nordatlanteren og på Barentshavet. Då den kom som ny til Bremanger i 1978 var den eit av dei første norske fartøya som var bygd med denne typen autolineteknologi.

Det spesielle med denne typen line er at egning og avegning av lina er automatisert, saman med setting og trekking av fisk.

Og medan andre liknande båtar ikkje har fått leve vidare, vart det bokstavleg talt sett i gang ein redningsaksjon då Haugefisk på midten av 2000-talet stod i fare for å bli til spiker.

(Artikkelen held fram under)

Bjørn Fjellheim

VIKTIG KULTURMINNE: Seier Bjørn Fjellheim i Kystmuseet i Sogn og Fjordane om båten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Viktig for fiskerihistoria

Eldsjeler i fiskerinæringa, Bremanger kommune og Kystmuseet i Sogn og Fjordane stod saman for å berge framtida til båten.

– Haugefisk representerer ein viktig epoke i fiskerihistoria i Sogn og Fjordane, seier Bjørn Fjellheim ved Kystmuseet som er svært glad dei kom i mål med aksjonen.

På antikvarisk grunnlag overtok Kystmuseet som eigar for båten i slutten av 2005, og sidan har det blitt lagt ned timevis med dugnadsarbeid for å setje den i best mogleg stand. I dag står båten fram som i god stand, den er svært lite ombygd og har det aller meste av inventar og lausøyre intakt.

– Vi ville ta vare på denne båten som eit kulturminne frå fiskeria, seier Fjellheim.

(Artikkelen held fram under)

Haugefisk til kai ved Smørhamn i Bremanger

1978: I 1978 kom Haugefisk til Bremanger som ny. Takka vere eldsjeler og engasjement frå Kystmuseet har båten framleis plass ved kaiene i kommunen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Heilt avhengig av dugnad

Då Kystmuseet søkte om vernestatus for Haugefisk var Riksantikvaren svært positive, fortel Fjellheim. I åra etter at båten fekk vernestatus har eldsjelene som har ivra for ei framtid for båten organisert seg.

Haugefisk Venner samarbeider no med Kystmuseet for å sikre at båten skal få leve vidare.

– Korleis har det vore å ta vare på, og setje denne båten i stand?

– Det er som med andre ting du skal setje i stand, det har gått opp og ned, seier Fjellheim.

– Men vi har ei veldig godt fungerande venneforeining, med masse kompetente folk som gjer ein kjempejobb på dugnad. Utan den dugnaden hadde dette aldri gått an, seier Fjellheim.

– Enkelte seier vi er galne

Leiaren i Haugefisk Venner, Ole Martin Grotle, set stor pris på rosen. For han har det aldri vore noko tvil om at timevis med innsats er verdt det.

– Enkelte seier vi er galne, men eg meiner det er farleg om vi skulle bli historielause. Sjølv om det er mykje styr også, flirer han.

Gjennom arbeidet har dei hatt eit hovudfokus – å gjere båten så identisk som mogleg slik den var då den gjekk som fiskebåt langs kysten.

– Komande generasjonar som tek seg eit besøk på ein moderne fiskebåt, vil sjå at det har skjedd ein revolusjon innan fiskeriet frå den tida då denne båten var ny, seier Grotle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lina blir dregen inn på MS Haugefisk

TEST: I dag testa mannskapet på MS Haugefisk ut den nymonterte egnemaskina.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Test gjekk som den skulle

Og det er nettopp det dei vil vise fram, eit stykke fiskerihistorie. Og båten blir stadig meir lik den var på 1980 og 1990-talet.

I det siste har venneforeininga og museet fått på plass ei egnemaskin av same type som den som var på båten originalt, berre nokre år nyare.

Grotle gler seg over at dagens test av den nye egnemaskina gjekk akkurat som den skulle.

– Det funka heilt fint, seier han og får støtte frå dei andre i maskinrommet.

Gler seg til nye tokt

Også dei andre i Haugefisk Venner er glade båten blir teken vare på.

– Det er veldig bra at folk ser kva verdi som er i denne båten, og at folk i framtida kan få sjå korleis dette fisket fungerte, seier Runar Naustdal.

Også Reidulf Igland som har fleire tiår bak seg i fiskeriet legg ned timevis med dugnadsarbeid på M/S Haugefisk med eit stort smil.

– Vi er ein fast gjeng med eldsjeler som har blitt ein samansveisa gjeng, seier han og gler seg til nye tokt.