Hopp til innhold

Slik gjer du sykkelen vårklar

Laurdag var det sykkeldag i Førde. Der kunne små og store få gratis sjekk av sykkelen og tips til sykkelvedlikehald.

Ravindra Seneviratne og Arne Mo

VÅRSJEKK: Ravindra Seneviratne får hjelp av Arne Mo, til å justere gir og sykkelbremser.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ein av dei som laurdag nytta sjansen til å få hjelp med sykkelen sin var Ravindra Seneviratne

– Bremsene på sykkelen er litt trege, og giret verkar ikkje heilt slik som det skal, seier Seneviratne

– Dette er ikkje slikt som du gjer sjølv?

– Eg kan gjere ein del sjølv, men eg er ikkje ekspert, så det er greitt å få litt hjelp av dei som verkeleg kan det.

Mange som vil ha hjelp

Seneviratne syklar mykje og er oppteken av den skal vere i orden.

– Det er fin trim å sykle, så eg syklar mykje. Eg såg i avisa at det skulle vere gratis sjekk av syklar, og at ein kunne få hjelp med sykkelen. Så difor stoppa eg her i dag.

Slik kan du sjekke at sykkelen er klar for årets sesong.

SJÅ VIDEO: Usikker på korleis du går fram for å sjekke sykkelen din? Her gir Arne Mo hos Din Sport i Førde deg nokre nyttige tips. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Og det var fleire som tenkte som han.

– Responsen har vore bra i dag vi har hatt mykje å gjere. Vi skrur og stiller gir og bremser, seier Arne Mo, frå Din Sport i Førde

Enkle grep

Bremser og gir er gjengaren hjå dei som kjem for å få hjelp.

– Det er eigentleg ikkje så komplisert. Det er enkelt berre ein veit kva ein skal gjere, ler Mo.

For den som akkurat no hentar fram igjen sykkelen, som har vore stua vekk i vinter, har Mo nokre enkle tips.

– Det gjeld å halde sykkelen rein, få på litt olje, justere gir og sjekke at bremsen fungerer, at bremseklossane treffer der dei skal. Då er det enkle ting.

– Har du inntrykk av at det er færre av oss som i dag tar denne jobben sjølve?

– Nja, det er vel begge deler. Men det er rikeleg med amatørar som treng hjelp, og det tykkjer vi er heilt greitt, seier Mo.