Hopp til innhold

Slik gjekk det då Erlend (25) tapte veddemålet

SANDANE (NRK): – Det var det flauaste, og det verste, eg kunne komme på, humrar Erlend Eide (25).

Erlend Eide frå Sandane tapte veddemålet med brørne sine då favorittklubben vann Premier League.

FLAUTT: Erlend Eide frå Sandane tok artistnamnet MC Filbert $treet etter heimebana til favorittklubben Leicester då han publiserte rappen «Leicester Till I Die». (FOTO/REDIGERING: PRIVAT/ODDLEIF LØSET/NRK)

Måndag publiserte Erlend Eide følgjene av eit halvt år gamalt veddemål med brørne sine.

Henta favorittklubben Leicester City heim sitt første seriemeisterskap i historia, skulle 25-åringen slå til med ein rap og musikkvideo. På Youtube.

– Eg såg det som umogleg å vinne og sa det for å vere morosam. Det var det, og det tykte dei også, gliser glopparen.

Spreidde veddemålet

Erlend Eide

LUKKELEG: Erlend Eide (25) solar seg i glansen etter at Leicester City vann Premier League. Han har ingen planer dersom dei også vinn Champions League. – Sjansane er minimale, men då må eg spekulere litt. Kanskje ein song til? Rock?

Foto: Oddleif Løset / NRK

At brørne la tyngde i veddemålet ved å spreie skjermdump av Facebook-samtalen på Twitter, var ikkje medrekna.

– Der var det jo mange følgarar som favorittmarkerte og styrte på. Så eg hadde jo ikkje noko val, humar Eide.

Likevel ana han fred og ingen fare. Heilt til Leicester slo til med 3–1 borte mot Manchester City i mars. Då fekk 25-åringen frå Sandane realitetane midt i fleisen.

Intensivt arbeid

Manager Claudio Ranieri sitt mannskap heldt unna konkurrentane og sikra seriemeisterskapen med to seriekampar att .

Leicester er seriemester.

JUBEL: Leicester-forsvarer Christian Fuchs filma augneblinken då det gjekk opp for spelarane at dei hadde vunne Premier League.

Då var Eide godt i gang med produksjonen sin. Rytmen vart Eminems «Slim shady».

– Eg byrja å skrive litt småting inn i mellom i mars, og i det siste har eg arbeidd intensivt. Alt vart filma og redigert på ein dag, seier han.

– Heilt ekstremt

Responsen har ikkje latt vente på seg etter at musikkvideoen vart publisert på måndag. Kring 4 000 har sett den, og kommentarane har kome frå nært og fjernt.

– Det har gått i eitt bankande køyr med kommentarar og delingar på Facebook og Twitter. Tanter, onklar og slektningar eg ikkje har snakka med på lenge har kommentert kor kult det er. Det er ganske ekstremt, ler 25-åringen.

– Er det flautt no?

– Litt, men det går fint. Det er kjekt med litt merksemd og det verkar som om folk tykkjer det er fengande.

Har forståing

Esteban Cambiasso og Per Arne Hansen

ARTIG: Per Arne Hansen, her saman med Leicester-spelar Esteban Cambiasso, tykkjer det er moro med slike sprell som Erlend Eide har gjort.

Foto: Privat

Leiar i den norske supporterklubben, Per Arne Hansen, har ikkje høyrt om mange liknande tilfelle. Utanom Ove Øderud frå Rælingen som må krabbe frå Lillestrøm til Larvik.

Hansen tykkjer berre det er artig.

– Det har jo vore ein heilt vill sesong, så eg forstår dei som tek heilt av. I alle fall så lenge det er realisme i det, smiler han.

Kva blir det neste?

– Eg trur det kunne blitt verre med ein annan beat eller stil på videoen. Eg trur den treffer ein del, seier Eide som arva Leicester-interessa frå far sin.

Det er først dei siste fire-fem åra at gneisten verkeleg er blitt tent.

– Er det eit nederlag å tape eit veddemål, som følgje av favorittklubben vinn Premier League?

– Nei. Den tittelen overgår alt det flaue. Det er ikkje nederlag i det heile. No er det berre kjekt. Eg gjorde det med glede.