Hopp til innhold

Fjord1: Vi gir deg oversikten - kva er det dei kranglar om?

Fjord1, fylkeskommunen, ulike styre og andre kranglar no så fillene fyk om framtida for norges største ferjeselskap. Men kva er det eigentleg dei kranglar om?

Fjord1 lanserer nytt matkonsept

TIL SALT I GRAUTEN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes fotografert då Fjord1 lanserte sitt ferdamat-konsept. Fjord1 betalar i år ut 50 millionar i utbyte til eigarane. Av desse går om lag 40 millionar til fylkeskommunen.

Foto: Birger Meland / NRK

Striden om Fjord1 har kome til overflata igjen den siste veka, og det toppa seg verkeleg då selskapet gjekk ut og fortalde at dei hadde inngått ein intensjonsavtale om ein fusjon med naboselskapet i sør, Norled.

Dette likte fylkespolitikarane særs dårleg, og bak lukka dører på Hermansverk gav dei klar beskjed om dette. Det er med andre ord mange ballar i lufta, ingen ser ut til å vere særleg samde og det er ein krangel med mange fasettar.

Men det dei då i hovudsak kranglar om er kven som skal eige fylkeskommunen sine aksjar - og kven som kan bli Fjord1 sin fusjonspartnar i framtida.

1. Eigarane:

Sogn og Fjordane er i dag største eigar i Fjord1 med 59 prosent av aksjane gjennom sitt selskap F1 Holding AS. Den andre eigaren er Havilafjord, som igjen er eigd av sunnmørsbedrifta Havila. Her står familien Sævik, med far Per i spissen. Han har mellom anna tidlegare vore stortingspolitikar for KrF.

2. Kva vil Fjord1-styret:

Styret i Fjord1 er leia av den tidlegare Ap-statsråden Reidar Sandal. Han og resten av styret, utanom Sævik-familien, ønskjer å raskast mogleg å få til ein fusjon med Norled (tidlegare Tide Sjø) som held til i Stavanger. Her i fylket er dei nok mest kjend den siste tida for ladeproblema med den nye elektriske ferja Ampere på strekninga Lavik – Oppedal, som dei overtok frå nettopp Fjord1.

3. Kva vil fylkespolitikarane:

I motsetnad til fylkespolitikarane i Møre og Romsdal som selde til Havilafjord, så var det eit politisk fleirtal i Sogn og Fjordane fylkeskommune for å behalde eigarposten i Fjord1. Men den siste tida har innleigde konsulentar jobba for fylkespolitikarane med å finne potensielle kjøparar til Sogn og Fjordane sin store eigarpost. Ferjeselskapet Torghatten er blant dei som skal vere interessert i å kjøpe.

4. Kven visste kva?

Eit viktig spørsmål dei siste dagane har vore kven som har visst kva om dei ulike prosessane som pågår. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) stadfestar at ho visste om fusjonsplanane mellom Fjord1 og Norled i to dagar før saka kom på fylkesutvalet sitt bord. Reidar Sandal i Fjord1-styret seier at han har visst om fylkeskommunen sitt arbeid med å finne aktuelle kjøparar til fylkeskommunen sin eigarpost.