Hopp til innhold

Slik forklarast Sogndal-suksessen

Jonas Olsson sitt fokus på utanomsportslege forhold får mykje av æra for suksessen til Sogndal Fotball.

Video Beste forsvaret i landet!

SJÅ TV-SAK: Sogndal har det beste forsvaret i landet.

Etter tre seriekampar er nedrykksdømde Sogndal nummer fire med fem poeng i eliteserien. På same tid i fjor var dei sist med null poeng.

Det er framleis mykje att av sesongen, men med Jonas Olsson ved trenarroret meiner Sogndal-ekspert Jon Navarsete å sjå konturane av noko stort i Sogndal.

Jon Navarsete

STORT: Jon Navarsete vil vente med flagget, men trur Jonas Olsson har gjort naudsynte grep i Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Om Sogndal klarer plassen også i år, så trur eg vi ser konturane av noko vi haldri har sett liknande til i Sogndal. Suksessen er summen av ein del faktorar. Eg trur det handlar mykje om ei bevisstgjering om at dei er tilsett for å gjere ein jobb, seier han.

Fekk kommentarar

Svensken varsla tidleg eit meir offensivt Sogndal-lag , og det er ikkje berre på bana Olsson har gjort grep. Mange trekte nok på smilebandet då trenaren sette fokus på spelarane sine mat- og søvnvaner, og innførde felles frukost før trening .

Sogndal-spiss Ulrik Flo vedgår at det var mange som slengte med leppa då nyetrenaren tok kommando like over nyttår.

Sogndals Ulrik Flo mot Alexander Aas (Strømsgodset)

NØGD: Ulrik Flo er godt nøgd med grepa nyetrenaren har gjort både på og utanfor bana.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi fekk ein del kommentarar på om vi trudde felles frukost «ville gjere all verdas underverk», men vi har fått merke kor viktig små detaljar kan vere. Små detaljar utanfor bana som kan gjere store verknader på bana, seier han.

«Hei» og «hadde»

– Det var kanskje litt uventa at han tok så mykje tak i det utanfor bana, men det er eigentleg logisk at det er ein samanheng. Det er mykje å hente på form og humør. Nok mat og søvn gjer at du jobbar betre, seier Flo og meiner Olsson framstår som ein unik motivator.

Henrik Furebotn

PROFT: Henrik Furebotn i duell med Strømsgodset-stoppar Alexander Aas i fjor.

Foto: Ole André Furebotn / NRK

Kaptein Henrik Furebotn meiner også at fokuset på det som skjer utanfor bana har vore viktig.

– Det blir meir hygge, og gruppa blir litt meir samansveisa. No møtes vi før trening i staden for å berre seie «hei» før trening og «hadde» etterpå før vi reiser til kvart vårt, seier han.

Overraska

Navarsete er samd i at grepa Olsson har gjort utanfor bana var naudsynte – og ikkje minst har bore frukter.

– Dette området er eit sørgjeleg kapittel i norsk fotball. Spelarar som ikkje klarer å komme seg opp om morgonen og berre går rundt og daffar. Men eg er overraska over at det har fungert så tidleg i Sogndal, seier han.

– Olsson er bestemt og knalltøff sjølv om han ikkje verkar slik. Samstundes trur eg det gir spelarane enormt med tryggleik. Han har rett og slett innført profesjonalitet i ordets rette forstand, legg Navarsete til.

Går for å vinne

Mellom imponerande 4–0 borte mot Odd Grenland og eit historisk poeng på Lerkendal mot Rosenborg, spelte Sogndal 0–0 heime mot Hønefoss.

I fjor la Sogndal om til ein defensiv spelestil, som etter kvart resulterte i fornya eliteseriekontrakt.

– Han har enkelt og greitt fått oss til å tru på oss sjølve. At vi kan hamle opp med dei beste laga. I fjor var det litt meir at så lenge vi ikkje sleppte inn mål, så var vi sikra eitt poeng. No går vi på bana for å angripe og vinne, legg Furebotn til.

– Ei drøymeblanding

Navarsete meiner trenarane i Sverige har ei meir profesjonell haldning til fotball enn dei norske kollegaene.

Jonas Olsson

UNIK: Jonas Olsson vert skildra som ein unik motivator.

Foto: Øystein Ølstad Hjetland / NRK

– Vi skal vente med å heise flagget, men eg trur dette er ei drøymeblanding. Han er fantastisk flink til å dra med seg folka rundt og la dei få lov til å medverke. No dreg dei lasset saman, meiner Navarsete og tykkjer ein ny trenartype var naudsynt i saftbygda.

– Harald Aabrekk gjorde ein kjempejobb med spelarane og fekk resultat av det. Men eg trur det var naudsynt med eit skifte og å få inn ein annan trenartype. No er heile apparatet med og dreg lasset, legg han til.

Godt planta på jorda

Forsvarsrekkja var tettast av alle i fjor, og blir også i år skildra som den beste i eliteserien. Heilt bakarst på laget står keeper Kenneth Udjus, som saman med keeperkollegaen i Tromsø er den einaste som har til gode å sleppe inn mål så langt i eliteserien.

Fleire spår at forsvarsrekkja vil sprekke. Det er også spelarane budd på.

– Vi vil sjølvsagt gå på nokre tap etter kvart, så får vi sjå korleis vi takler den situasjonen. Eg trur det vil gå bra. Så er også Jonas flink til å halde føtene våre godt planta på jorda, så vi ikkje tek av, avsluttar Furebotn.