Hopp til innhold

Slik feira Ylva (7) og Eirill (10) nasjonaldagen

Gjekk du glipp av det sjarmerande møtet med søstrene Ylva og Eirill Bugge Landro på 17. mai? Her kan du igjen få sjå NRK sitt møte med jentene frå Ornes, og i tillegg eitt innslag om sognebunaden som ikkje vart synt på fjernsyn.

Eirill og Ylva Bugge Landro utanfor Urnes stavkyrkje

FESTKLEDDE: Eirill og Ylva åt frukost på trappa til Urnes stavkyrkje på 17. mai i år.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Tradisjon tru var NRK si 17. mai-sending på plass over heile landet. NRK Sogn og Fjordane besøkte i år Ornes og Solvorn i Luster kommune.

I sendinga møtte vi søstrene Eirill og Ylva først ved Urnes stavkyrkje, som nærast ligg heilt inn på gardstunet til jentene:

Søstrene Eirill og Ylva Bugge Lander har praktfulle Urnes stavkyrkje omtrent rett inn på gardstunet. 17. mai tok dei frukosten utanfor kyrkja saman med NRK.

FØRSTE INNSLAG: Eirill og Ylva et frukost utanfor Urnes stavkyrkje på Ornes. (Reporter/fotograf: Solveig Svarstad/Stine Kyrkjebø Johansen)

Då frukosten var eten, var det på tide å setje kursen mot ferjekaia på Ornes. Kvar einaste dag Eirill og Ylva skal på skulen, må dei ta ferja over Lustrafjorden til Solvorn og Solvorn oppvekstsenter. Denne dagen var det litt meir folk på ferja enn dei er vande med i kvardagen:

Søstrene Eirill og Ylva Bugge Landro på veg frå Ornes til Solvorn for å gå i tog.

ANDRE INNSLAG: Søstrene må ta ferja over Lustrafjorden for å kunne gå i 17. mai-tog. (Reporter/fotograf: Solveig Svarstad/Stine Kyrkjebø Johansen)

Ferja har knapt lagt til kai i Solvorn før Ylva og Eirill nærast spring av garde i spenning. 17. mai-toget står allereie oppstilt, og søstrene gler seg til å vere med i toget:

Eirill og Ylva Bugge Lander tok ferja frå Ornes over Lustrafjorden til Solvorn for å gå i tog.

TREDJE INNSLAG: Ylva og Eirill spring rett av ferja for å finne sin plass i toget. (Reporter/fotograf: Solveig Svarstad/Stine Kyrkjebø Johansen)

Etter at 17. mai-toget hadde løyst seg opp var det tradisjonell feiring i Solvorn, med mykje leik og moro. Her kan du sjå eit glimt av feiringa på den idylliske perla ved Lustrafjorden:

17. mai-feiring i Solvorn og på Ornes

IDYLL: Slik feira dei 17. mai i Solvorn. (Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen)

I hagen til Walaker hotell tek NRK sognebunaden i nærare augesyn. Bunadsekspert Bjørg Hovland fortel om historia og utviklinga til bunaden:

Bunadsekspert Bjørg Hovland meiner vi må vere meir opne for å ha ulik bunad, sjølv om den stammar frå same stad.

SOGNEBUNADEN: Bjørg Hovland har lang erfaring med å sy bunadar. (Reporter/fotograf: Solveig Svarstad/Stine Kyrkjebø Johansen)