Hopp til innhold

Slik feira dei den aller siste sprenginga

Tysdag vart den siste salva i Filefjelltunnelen på E16 fyrt av. Det vart feira med ein litt spesiell tradisjon.

Filefjelltunnelen markering siste salve

VELSIGNING: Det å kaste konjakk inne i tunnelen når dei møtest frå kvar si side, er ein vanleg tradisjon.

Foto: Christian Blom / NRK

Sidan mai i fjor har Statens vegvesen og Hæhre Entreprenør AS arbeidd med ny veg og ny tunnel på E16 over Filefjell. Sidan då har entreprenøren drive med sprenging frå begge sider av tunnelen, medan massane derifrå har blitt brukt til vegbygginga.

Filefjelltunnelen markering siste salve

TENDE LUNTA: Grunneigar Sigrid Nystuen fekk vere med då siste salva vart fyrt av i Filefjelltunnelen.

Foto: Christian Blom / NRK

Tysdag morgon stod berre ein liten del att igjen å sprenge før opningane møttest på midten. Ei siste salve, som grunneigar Sigrid Nystuen, fekk ein del av æra for å gjennomføre, og så var det gjort. No er det hol gjennom heile fjellet, og i tillegg er ni kilometer ny veg så å seie ferdig.

Kasta dram på røysa

– Det er jo ein milepæl, kanskje spesielt dei som jobbar i tunnelen, for det er ein gjeng som er ferdig med sin del når dei har sprengt gjennom tunnelen. No har dei drive frå begge sider i 14 månader og har hatt 12.000 salvar, så det blir ei spesiell kjensle, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Harald Stadheim.

Og feiringa gjekk føre seg på tradisjonsrikt vis, sjølv om det kanskje for mange er ein ukjend tradisjon, nemleg ved å «kaste dram på røysa». Det som ligg att av tunnelmasse i midten etter siste sprenginga, kallar vi for røysa.

– Det er ein tradisjon at ein kastar ein dram, frå eit glas med konjakk, på røysa, etter den siste salva. Då blir på ein måte tunnelen velsigna. Eg har ikkje vore med på gjennomslag tidlegare, men eg har forstått det slik at dette er ein tradisjon for mange som jobbar i tunnel, fortel Stadheim

Aller siste sprenging Filefjelltunnelen

Foto: Christian Blom

Står klar hausten 2017

Heile strekka som arbeidet går føre seg på går frå Smedalsosen i Lærdal til Varpe bru i Valdres, ei strekke på 20 kilometer. Tunnelen er på knappe seks kilometer og det resterande er veganlegg. Massane frå tunnelen er brukt til å bygge ny veg. Trass dagens feiring står mykje arbeid att før vegen, og spesielt tunnelen, er klar til bruk.

Veganlegget, med dei siste sju kilometerane som ikkje er ferdig enno, skal etter planen bli klart i løpet av 2016. Men Stadheim fortel at det berre er halvparten av arbeidet som er gjort i tunnelen, og at den først er venta å vere klar til hausten 2017.

– Dei skal reinske den, dei skal leggje grøfter, dei skal kle den inn med isolasjon for å gjere den frostsikker i høve til vatn og slikt. Den jobben tek om lag 14 månader. Når det er gjort skal all straum, lys og vifte og slikt på plass.

Mellom 50 og 60 personar deltok på markeringa på Filefjell.

Filefjelltunnelen E16 siste salve sprengt

HOL: Holet er lite, men det er der. Mykje massar skal likevel vekk før ein kan komme seg gjennom tunnelen.

Foto: Christian Blom / NRK