Hopp til innhold

Har mykje jobb føre seg - desse vegane er stengde

Store nedbørsmengder har i helga ført til ei rekkje stengde vegar på grunn av ras, rasfare og flaum. Måndag føremiddag er det framleis fleire stengde vegar.

Ingen veg til Oldedalen med det første

OPPRYDDING: Vegen til Oldedalen vart stengd av fem ras fredag. Måndag jobbar ein framleis med opprydding, og det er førebels uvisst når vegne kan opne att.

Foto: Jan Træen

Lista over stengde vegar langt kortare enn den har vore dei siste dagane.

Snø, jord og stein har rasa ned på vegane i Sogn og Fjordane fleire stader, og fleire stader er det omfattande øydeleggingar.

Slik ser lista ut:

  • Riksveg 13 Vikafjellet – kolonnekøyring på grunn av uvêr
  • Riksveg 15 Skredestranda mellom Nordfjordeid og Stryn – stengd grunna oppryddingsarbeid etter ras. Kan bli stengd heile veka
  • Fylkesveg 13 Langeteig-Renndalen i Balestrand – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 13 Gaularfjellet – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 55 Sognefjellet – stengd grunna oppryddingsarbeid – venta opna i løpet av måndagen
  • Fylkesveg 724 ved Yri i Oldedalen – stengd grunna steinras

Riksveg 15 Skredestranda:

På riksveg 15 ved Skredestranda dekkjer rasmassane nesten 300 meter med veg, og det er venta at oppryddingsarbeidet vil ta tid. Det kan gå heile veka før vegen kan opne.

– Vi startar med spyling og opprydding måndag morgon. Vi trur det går veka, men er usikre på tidspunktet vegen kan opnast, for vi veit ikkje kor store skader det er på vegen under all jorda, seier Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Vegen til Oldedalen:

vegen inn til Oldedalen har eit større jord- og steinras teke med seg vegen på vatnet.

– Oppryddingsarbeidet i gang, men det er ein del arbeid så det kan ta nokre dagar. Ein del av vegen er også øydelagd, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen måndag morgon.

Riksveg 13 Gaularfjellet:

– Det er ein del snømassar som er kome ned i vegen, så det er usikkert kor lang tid det vil gå før vegen kan opne, seier Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen.

Fylkesveg 13 i Balestrand:

På fylkesveg 13 i Balestrand er vegen stengd mellom Langeteig og Renndalen på grunn av eit snøras. Ifølgje Nedberge Hille skal det vere ein del rasmassar, men det er uvisst kor lenge vegen blir stengd.

På riksveg 5 i Kjøsnesfjorden hadde Vegvesenet auka beredskap under uvêret i helga, men her vart vegen ikkje stengd av ras. Men det har vore rasaktivitet i dalen. Laurdag føremiddag gjekk eit større jord- og steinras, men berre ein liten del av massane nådde vegen.

Det blir også her jobba med opprydding, truleg vil det gå fleire dagar før ein får fjerna all massen.

Jord og stein rasa ned ved riksveg 5 i Kjøsnesfjorden - vegen var ikkje stengd

STEINMASSAR: Jord- og steinmasse rasa ned ved riksveg 5 i Kjøsnesfjorden laurdag. Vegen var ikkje stengd som følgje av raset, men det er ein del opprydding som må gjerast.

Foto: NRK-tipsar