Hopp til innhold

Sjekk denne rådhusklokka!

Frå gamalt av har dei fleste rådhus hatt ei rådhusklokke. Det nye rådhuset i Førde har fått seg ei heilt spesiell ei.

Created by InfoDispatcher

SJÅ LYSET ENDRE SEG: Denne timelapsen syner korleis lyskilen endrar seg i løpet av ein time i skumringa. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

– Jau, det er på ein måte ei rådhusklokke. Ho markerer fulle timar. Lyset stig jamt og trutt oppover søyla fram mot heil time. Så er det mørkt i seks minuttar, før ho tek til att, seier kommunalsjef i Førde, Trond Ueland.

Det moderne lysuret er eit kunstverk til 1,2 millionar kroner, og målet er at lyset skal forsterke bygget sin karakter av å vere ein møteplass.

– Når det er mørkt, er lyset på sitt mest intense. Med søylene som er rundt, får ein ein tilleggseffekt som er utruleg flott, seier Ueland.

Kunstverket er plassert midt på den opne plassen i rådhusbygget i Førde.

Er framtidsretta

Lyskilen er over tjue meter lang, og ein ser lysspelet frå langt hald, når mørket har falle på.

Både han og ordførar Olve Grotle ønskjer seg meir lys i Førde.

– Eg trur dette er utruleg viktig. Dette er framtidsretta, og det trur eg Førde har godt av. Vi bur i ei gryte der det er mørkt halve året, og då er det viktig med lys, seier Ueland.

Han håpar monumentet vert brukt, både som fryd for auga, men også til å klatre på.

– Det er stødige saker i betong, så det står for ein støyt. Og så håpar eg folk kan nyte dei vakre fargane, spesielt når det mørknar ute, seier Ueland.

Trur det gjer byen meir attraktiv

Han trur kunsten er med på å setje Førde på kartet.

– Utsmykking er kjempeviktig. Det gjer oss både attraktive og nyskapande, seier Ueland.

Samla sett vert det brukt 2,5 millionar kroner til utsmykking av det nye rådhuset i Førde.