Hopp til innhold

Slik dreiv han ap med svindlarane

Då «Microsoft-svindlarane» ringde for femte gang på kort tid, plukka Tor Åge Berglid (42) fram sitt hemmelege våpen: nynorsk.

Tor Åge Berglid

ENGELSK: Tor Åge Berglid er til vanleg helikopterpilot i utlandet og snakkar langt betre engelsk enn det som kjem fram i opptaket med Microsoft-svindlarane. – Eg har mange internasjonale vener, så eg må nesten ta telefonen når det ringer frå utlandet, seier han.

Foto: Privat

Det var like før jul at Tor Åge Berglid bestemte seg for å halde ap med svindlarane som gav seg ut for å ringe frå Microsoft sitt hovudkontor i London.

Bodskapen frå andre enden av telefonlinja var enkel, datamaskina til stryningen var infisert og laga problem for serveren til Microsoft. Dei ville hjelpe han å ordne maskina.

– Eg hadde hatt ei rekkje tilsvarande telefonar og var byrja å bli grundig lei. Dette er svindel, så eg tenkte å drive litt ap med dei. Så eg slo eit slag for nynorsken, humrar 42-åringen.

Vigra-engelske

Berglid tok opp tre av samtalane med «Microsoft sine gode hjelparar». Det eine opptaket er over åtte minuttar langt. Her kommuniserer stryningen på både Vigra-engelsk, som han kallar det, og kav nynorsk.

– Eg stolar ikkje på kundesenter som ringer slik og ikkje har tilsette som snakkar nynorsk, ler han.

– Eg trur ikkje at du er heilt rett navla altså. Du må snakke nynorsk. Eg er berre ein simpel bondetamp som ikkje skjønar noko, seier han til den eine operatøren han får på linja.

– Nynorsk er meir vanleg, og blir brukt overalt. Det er meir populært enn engelsk, legg han til.

Trua med å blokkere

Berglid hadde ingen intensjon om å følgje oppmodinga frå personane i andre enden av den dårlege telefonlinja. Då ville nok svindelen ha vore eit faktum . Når det er sagt, eit øydelagt batteri ar sett datamaskina ut av spel siste halvåret.

– Men det hadde jo vore eit lite pluss om den plutseleg vakna til live att før jul, humrar han.

– Den eine som ringde trua las opp namn, nummer og adresse og trua med å stengje av datamaskina mi. Eg sa det var heilt greitt, for eg hadde ikkje maskin, legg han til.

Til åtvaring for andre

Berglid er berre ein av svært mange som vart kontakta om tilsvarande problem. Han er veit veldig godt at store dataselskap ikkje ringer ut til brukarane dersom noko er gale.

Han håpar lydopptaket kan gjere andre merksame på svindelen.

– Eg forstår at folk, som gjerne ikkje er så datakyndige, kan gå på når dei får slike telefonar. Men, for å seie det slik, eg trur ikkje at kundeservicen til Microsoft nokon gong har vore slik at dei ringer til folk om det blir problem, avsluttar han.