Hopp til innhold

Slik blir nye Utsikten

Med ein prislapp på drygt 20 millionar kroner er eit nytt landemerke i ferd med å reise seg på Utsikten på Gaularfjellet. Den nasjonale turistvegen får ein heilt ny attraksjon, men sjølve vegen blir det gjort fint lite med.

Den nye Utsikten på Gaularfjellet har ein prislapp på over 20 millonar kroner. Snart opnar den for publikum.

SJÅ TV-REPORTASJE: Vestlandsrevyen sin reportasje med helikopterbilete frå Utsikten på Gaularfjellet.

Prosjektleiar Bjørn Andresen, Vegvesenet og anleggsleiar Hans Aksel Fjelldal i Veidekke

LITT ETTER SKJEMA: Prosjektleiar Bjørn Andresen i Statens vegvesen og anleggsleiar Hans Aksel Fjelldal i Veidekke avd. Sandane. Grunna mykje snø måtte arbeidet utsetjast med tre veker i vår.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det blir veldig bra. Eg er veldig fornøgd med det entreprenøren gjer. Det er krevjande betongarbeid, men dei gjer ein kjempejobb, seier prosjektleiar Bjørn Andresen i Statens vegvesen.

På Gaularfjellet, drygt 700 meter over havet tek eit 800 kvadratmeter stort betongflak form. I kvar ende, tre venger. Den eine stikk fleire meter ut frå fjellsida. Ei har trapper og sitjeplassar i betong. Den tredje, den som arbeidarane held på å forskale, skal huse nye toalett.

Arkitektur skal dra turistar

Den nasjonale turistvegen får sin eigen attraksjon, slik til dømes Trollstigen og Stegastein i Aurland har.

Anleggsarbeid på Utsikten, Gaularfjellet

ANLEGGSOMRÅDE: Slik ser det ut på Utsikten på Gaularfjellet no. Målet er ar turistane skal få sleppe inn på området i løpet av fellesferien.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Spennande arkitektur er eit verkemiddel for å få fleire turistar til å komme til Noreg. Det viser seg at arkitektur saman med spennande norsk natur når langt ut i verda, seier Andresen.

– Ein snakkar om særeigen arkitektur. Kva trur du folk vil seie om det?

– Det er alltid ulike meiningar om slike byggverk. Det har vi også registrert i ein tidlegare fase her. Men eg har eit bestemt inntrykk av at dette blir opplevd som spennande. Spesielt når ein kjem så langt ut i rommet på utkikksplattforma, med det mektige landskapet her, trur eg at det vil bli godt mottatt.

Heilt sidan vegen opna i 1938 har den vesle hylla på Balestrand-sida av fjellet berre blitt kalla Utsikten. I oktober skal plassen, som var ein parkering med eit enkelt toalettbygg og ein natursteinsmur som rekkverk, stå klar i ny drakt.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Utsikten

SLIK BLIR DET: I løpet av sommaren skal Utsikten på Gaularfjellet sjå slik ut.

Foto: Code Arkitektur / CODE ARKITEKTUR

Ville heller hatt betre veg

Men ikkje alle som bur langs vegen er like begeistra.

– Det har hadde ikkje vore mi førsteprioritering å bygt noko slikt no. Dette blir fint og flott for turistante å sjå på, men vi som bur her i bygdene saknar betre vegdekke. Vi køyrer på dette heile året, seier Endre Råheim.

Han er drosjesjåfør og leiar i Noregs Taxiforbund Sogn og Fjordane, og har fylkesveg 13 som arbeidsplass.

– Eg synest det burde vore mykje meir fokus på vegen. Den er ei stor tragedie. Vi merkar den på slitasjen på bilane. Slitedeler må bytast lenge før dei skal på grunn av dårleg vegstandard.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Utsikten på Gaularfjellet

AMFI: Nye Utsikten kan nyttast som amfi, med eigen tribune i den eine av dei tre vengene.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Er kjend med kritikken

Liknande kritikk har komme frå fleire hald, fortel prosjektleiar Andresen.

– Ja, det har vore kommentarar på dette tidlegare. Ein ønskjer jo sjølvsagt at det skal gjerast noko med vegen, men det er nok ikkje utsikter til så veldig mykje. Det inngår ikkje i satsinga på turistvegane.

Sjølve vegen er det nemleg fylkeskommunen som har ansvaret for. Dei nasjonale turistveg-midlane går først og fremst til opprusting av rasteplassar, skilting og informasjon.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Utsikt frå Utsikten på Gaularfjellet

TROLSK: Tåka låg tett oppunder Utsikten på Gaularfjellet tidlegare denne veka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Opnar i juli

Men Utsikten skal bli bra, lovar Andresen

Forskalingsarbeid Utsikten på Gaularfjellet

SITE VENGA: Arbeidet med den tredje og siste vinga – som skal huse nytt servicebygg med toalett – er godt i gang.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Den er mektig. Det er jo eit veldig landskapsrom dette her, med toppar som går opp i 1400–1500 meter i dalrommet her. Og med skiftande lys- og vêrforhold er det eit veldig mektig panorama frå denne plassen.

– Rekk de å bli ferdige til årets turistsesong verkeleg set inn?

Vi blir ikkje heilt ferdige med alt. Mellom anna vil toalettbygget bli bygt etter ferien, men området skal i alle fall vere tilgjengeleg i juli månad.