Hopp til innhold

Slik blir nye Loftesnesbrua

Slik ser Statens vegvesen for seg at den nye Loftesnesbrua i Sogndal skal bli. Prislappen er nær 300 millionar kroner.

Loftesnesbrua

KAN BLI SLIK: Slik tenkjer Statens vegvesen seg at den nye Loftesbrua skal sjå ut.

Foto: Statens vegvesen / skisse

Etter alle solemerke får brua oppstartløyving på 10 millionar over Statsbudsjettet no i haust. Dermed kan vegvesenet setje i gang detaljplanlegging av brua, som skal erstatte den smale og gamle brua frå 1956 som går der i dag.

– Eg kan ikkje forskottera noko, men eg har ei von om at den nye brua kan stå ferdig i 2015, seier distriktsvegsjef Nils Magne Slinde til NRK.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

BRUSJEF: Nils Magne Slinde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Statens vegvesen er no i ferd med å tilsetje folk til prosjektet, og om ikkje alt for lenge skal arbeidet ut på anbod. Prosjektet vil truleg få ein prislapp på kring 280 millionar kroner.

Ei ny Loftesnesbru har lenge vore politikarane i Sogndal sin våte draum, og no får dei gjennomslag for krava sine. Særleg for mjuke trafikantar er dagens bru ei stor utfordring. Det er kun svært smale kantar å gå eller sykle på.

Folk i indre Sogn kan gleda seg over at det no kjem ny Loftesnesbru i Sogndal. 
Regjeringa set av 300 millionar 
mange års venting mot slutten - ikkje minst for gåande og syklande.

Kom inn i Statsbudsjettet