Hopp til innhold

Viss det kjem bru, sler desse to seg i hop

Høgre, KrF, Venstre og Frp i Eid og Gloppen meiner at det med vedtak om bru Lote-Anda er naturleg at Eid og Gloppen gjennomfører kommunesamanslåing.

Gloppen og Eid

KAN BLI EIN: Gloppen og Nordfjordeid kan ende som éin kommune, viss det kjem bru Lote-Anda.

Foto: Cosmin Cosma/Brit Jorunn Svanes / NRK

Det skriv leiarane for Høgre, KrF, Venstre og Frp i dei to kommunane i eit felles brev til den nye regjeringa i dag.

Partia ber i brevet om eit snarleg møte med den politiske leiinga i Samferdsledepartementet og kommunal- og regionaldepartementet for å presentere saka nærare, og drøfte saka i samanheng med den varsla kommunereforma, satsing på ferjefri E39 og varsla prioritering av vegprosjekt som gir ferjeavløysing.

Vert funksjonell region

Bru Lote-Anda vil redusere avstanden mellom Nordfjordeid og Sandane frå 50 minuttar til under 25 minutt.

Kommunane Eid og Gloppen, med 12.000 innbyggjarar, vil då utgjere ein fullt ut funksjonell bu- og service- og arbeidsmarknadsregion, heiter det i pressemeldinga.

– Vi har fått ei ny regjering, og den har gitt sterke signal om at dei vil sjå på kommunestrukturen i kommande periode. Vi har jobba for ferjeavløysing på Lote-Anda, og det opnar for ein ny bu-, service- og arbeidsmarknadsregion, seier Gunvald Ludviksen som er leiar i Eid Venstre.

Vil vere proaktive

– Vi meiner at vi ikkje skal sitje å vente, men vere proaktive. Vi meiner desse to tinga er premissar for kvarandre, seier Ludvigsen.

Og partia i dei to kommunane har slett ikkje noko i mot om fleire vil bli med i ein skikkeleg storkommune i Nordfjord.

– Vi snakkar først om våre to kommunar, men vi er ikkje avvisande for at andre kan bli med. Vi opnar for ein større kommune, vi er ikkje avvisande til at heile Nordfjord kan bli ein regionkommune med den slagkrafta som vi eigentleg treng, seier Ludvigsen.

Vil helst ha bru først

Om det ikkje skulle bli bru Lote-Anda, så er ikkje Ludvigsen heilt avvisande til ei kommunesamanslåing likevel. Men aller helst vil han ha brua først.

– Det kan det vere, men det vil vere ein god samanheng med ein endra kommunestruktur viss vi får endra samferdsleopplegget og får redusert reisetida mellom to store sentrum. Det vil vere eit godt argument for, seier Ludvigsen.

At det er eit snev av strategi inne i biletet, legg ikkje Ludvigsen skjul på.

– Vi har jo eit fylkestingsvedtak i Sogn og Fjordane som seier at vi skal ha bru over Lote-Anda, og vi spelar jo dette inn no for å vinne eit viktig strategisk tidspunkt, seier Ludvigsen.

Fleire effektar for storsamfunnet

I brevet til regjeringa seier partia at ei samanslåing i seg sjølv vil vere utløysande for næringsutvikling, sysselsetjing og tilflytting. Dei peikar på at det er eit stort potensiale for næringsutvikling i regionen, ikkje minst innanfor reiseliv og energi.

Vidare meiner dei ei samanslåing vil gi auka trafikk og dermed indre subsidiebehov på Sandane lufthamn Anda. Dei meiner også ei bru Lote-Anda vil gi betre tilgang til sjukehus og akuttberedskap.

Vidare peikar dei at politi, Nav og andre statlege funksjonar kan samordnast eller samlokaliserast viss reisetida mellom dei to kommunesentra vert så kort som 25 minutt.

Dei peikar også på at Firda og Eid vidaregåande skular kan komplettere kvarandre, noko som vil medføre at fleire elevar kan bu lengre heime.