Hopp til innhold

Vert ikkje varetekstfengsla grunna sprengd kapasitet

Mannen i 40-åra som er sikta for narkotikabrotsverk, grove tjuveri og heleri vert lauslaten trass i retten si vilje. Dette var kjent allereie før dagens fengslingsmøte i Fjordane tingrett.

Fjordane tingrett

GÅR FRI: Resultatet av fengslingsmøtet med mannen i 40-åra hadde ingenting å seie for om mannen blei varetektsfengsla. Det er nemleg ingen ledige fengselsceller, og mannen går dermed fri uansett.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Før kjenninga var klar sa lensmann i Sogndal, Åge Løseth, at mannen kom til å bli slept fri grunna mangel på varetektsplassar.

Den sikta er ein av fem personar som tysdag kveld vart arresterte etter væpna aksjonar to stader i Luster, etter mistanke om ulovleg oppbevaring av våpen og tjuvegods.

Fire av dei fem vart sleppte fri, men mannen i 40-åra har i dag vore i fengslingsmøte etter at politiet bad om at mannen måtte bli varetektsfengsla. Også retten ville ha varetektsfengsling.

For dårleg kapasitet

Åge Løseth

SKUFFA: Lensmann i Sogndal, Åge Løseth, seier det utan tvil er behov for større kapasitet på fengselsceller.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men allereie før fengslingsmøtet var det kjent at mannen ville få gå fri. Årsaka er for dårleg fengselskapasitet.

– Vi har ikkje klart å oppdrive fengselscelle til sikta, og difor har vi ikkje anna val enn å lauslate han. Alternativet hadde vore å lauslate ein annan notorisk kriminell, men det valde vi å ikkje gjere, seier Løseth.

Lensmannen i Sogndal seier ein slik situasjon er kjedeleg, men ikkje uvanleg.

– Dette har vi opplevd før og vi får sikkert oppleve det igjen. Det er klart at det ikkje er heldig, og det kan vere litt skadeleg for etterforskinga, men vi lyt berre jobbe vidare og så får vi sjå kor vi endar, seier han.

Fryktar øydelegging av bevis

Politiet bad i utgangspunktet om varetektsfengsling fordi dei frykta at bevis kunne bli øydelagd.

– Når den sikta vert slept fri, er den faren til stades og det kan skade etterforskinga, seier Løseth.

Lensmannen seier det er svært lite dei kan gjere for å rette på situasjonen på noverande tidspunkt.

– På kort sikt er det veldig lite å gjere, men på lenger sikt må det leggjast til rette for at vi får større fengsel og større kapasitet på fengselsceller.