Hopp til innhold

Politiet dømd til å betale oppdrettsgigant

Politiet gav Marine Harvest ei bot på to millionar for utslepp frå eit smoltanlegg. No har tingretten frikjent oppdrettsgiganten, og i staden dømd politiet til å betale.

Marine Harvest Haukaa

SLEPP BOT: Marine Harvest sitt anlegg på Haukå produserer smolt og setjefisk.

Foto: Rune Fossum / NRK

I september i fjor skreiv Sogn og Fjordane politidistrikt ut av ei av dei største bøtene til eit oppdrettsselskap nokon gong.

Marine Harvest måtte betale to millionar i bot og tole inndraging av 10 millionar kroner frå omsetninga av smolt og setjefisk frå anlegget på Haukå i Flora.

Men Marine Harvest godtok ikkje bota frå politiet og gjekk til sak. No har Fjordane tingrett avgjort at politiet ikkje hadde grunnlag for å ilegge selskapet noko bot og inndraging.

For stor produksjon

Tingretten har i staden dømd politiet til å betale Marine Harvest sine sakskostnader på nær 250.000 kroner.

Saka dukka opp hos politiet etter at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane melde verksemda for overproduksjon av setjefisk, og dermed for mykje utslepp av avfall til fjorden.

– Bakgrunnen er ei politimelding vi fekk frå fylkesmannen om at det hadde vore for stor produksjon frå 2008 til 2012, sa politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes til NRK i september.

Ikkje rettskraftig

Men tingretten meiner at bevisa for at Marine Harvest har gjort det fylkesmannen hevdar medvite er for dårlege. Dei kritiserer også fylkesmannen for å ha brukt svært lang tid på sakshandsaming av utsleppsløyva til anlegget på Haukaa i Flora.

Kommunikasjonssjef i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland, peikar på at domen ikkje er rettskraftig før ankefristen på 14 dagar har gått ut.

– Men Marine Harvest er glad for at retten støttar vårt syn i saka og har frifunne oss på alle punkt, seier Hjetland.