Hopp til innhold

Slåstkamp utanfor legesenter

Det gjekk hardt for seg då to menn i føremiddag rauk i hop i ein slåstkamp utanfor legesenteret i Florø.

florø

– Vitne på staden sa at ein av dei involverte blødde då han forlét staden, seier operasjonsleiar hjå politiet, Wenke Hope, til NRK.

Dei to mennene forlét staden etter basketaket, men dei er kjenningar av politiet.

– Vi reiser for å snakke med dei no, for å sjekke at det går bra med dei og finne ut kva som skjedde, seier Hope.

Klokka 14.10 melder politiet at dei har søkt etter dei to involverte utan held. Saka vert følgd opp i ettertid dersom nokon av dei vi politimelde det som skjedde.