Hopp til innhold

Er lei av rykter etter storbrannen - slår tilbake mot kritikken

Etter storbrannen i Lærdal, har fleire reist spørsmål ved sløkkeutstyret til brannvesenet og om fleire hus kunne vore berga. No går brannvesenet ut mot kritikken.

Etter storbrannen i Lærdal, har fleire reist spørsmål ved sløkkeutstyret til Brannvesenet - og om fleire hus kunne vore berga.
No går brannvesenet ut mot kritikken. Foto/red: Johan Moen
Og brannvesenet skal etterkvart kome med si eiga evaluering av brannen.

– Her ser du resultatet av den kvelden og nattas sløkkjeinnsats, seier brannsjef i Lærdal og Årdal, Gaute Johnsgaard, medan han held opp ein slange som er heilt øydelagd av varme.

Avbrende brannslangar fortel sitt tydelege spor om kor krevjande det var å sløkkje brannen i Lærdal.

– Det har gått med ein del slangemeter, seier Johnsgaard.

Glødande bølgjeblekkplater fauk gjennom lufta

Storbrannen der over 40 bygg gjekk tapt var den største brannsløkkeaksjonen nokon gong i Sogn og Fjordane. Det er mest ikkje råd å førestille seg kva inferno brannmennene jobba i.

– Om natta kom det raudglødande bølgjeblekkplater flygande. Dei landa på slangane og brann dei av bak oss. Då forsvann sjølvsagt vatnet. Men når slangane brenn av, då er det ikkje noko me får gjort noko med, seier Johnsgaard.

Han fortel at så godt som alle slangane deira brann av i løpet av natta.

Fortvila innbyggarar såg nabolaget brenne opp, i etterkant har fleire varsla at pumper ikkje verka, og at brannvesenet sleit med utstyr som ikkje fekk nok vatn.

– Me var på plassen seks minutt etter at alarmen gjekk. Allereie då var det overtent. Det går nokre minutt for å køyre bilar på plass og få slangane på plass. Men vatn hadde me, forklarar brannmeister i Lærdal, Guttorm Gullaksen, og opnar ei luke bak på eine brannbilen.

Veit ikkje kva dei snakkar om

– Opnar ein denne kranen, så renn det 12.500 liter. Det tek eitt sekund å opne denne kranen, så dei som seier vi ikkje hadde vatn, dei veit ikkje kva dei snakkar om, seier Gullaksen.

Også Johnsgaard understrekar at det ikkje var manko på vatn.

– Dei hadde med seg 4000 liter på brannbilen, og det vart lagt ut slange til eksterne kjelde. Tankbilen kom i etterkant, og sjølv om den hadde problem med batteriet, så var ikkje det eit problem, sidan dei kopla om slangane og brukte tankbilen som eit relé, seier Johnsgaard.

Han peikar på at sjølv om det verkar som om det tek langt tid for dei som står og ser på, så tek det tid å gjere dei forskjellige oppgåvene.

– Folk må ha rett til å meine og tenkje det dei vil. Men det er viktig å få fakta på plass. Dette var ikkje problem for det mannskapet som var der, seier Johnsgaard.

Frustrerande å høyre slikt

Tidlegare har også brannsjefen i Bergen kritisert sein varsling av nabobrannvesen. Dei ulike påstandane plagar brannfolka.

– Dette er folk som vil gjere, og som gjer ein veldig god jobb. Å stadig få høyre at dei gjorde feil, og at dei kunne gjort det betre, av folk som ikkje veit kva dette dreiar seg om, det er frustrerande, seier Johnsgaard.

At folk som ikkje har kunnskap om feltet, uttalar seg skråsikkert om kva som kunne vore gjort annleis, er tungt å svelgje.

– Her er det mange som har vore ute og synsa og gjort sine vurderingar på sitt grunnlag. Men det blir annleis enn kva ein brannmann gjer, seier Johnsgaard.

– Kunne fleire hus ha vore redda?

– Hadde me hatt store ressursar i starten, så hadde me klart å berge hus. Men det er ingen brannkorps, iallfall ikkje i distrikta, som er dimensjonerte for å ta fire-fem, kanskje seks-sju husbrannar som kom kjapt, seier Johnsgaard.

Veit kva dei står for

Det skal gjennomførast ei evaluering seinare, og Johnsgaard er klar på at ein må sjå om det er noko ein kan lære av det som skjedde.

– Då må me ta til oss det, og gjere ting betre, seier Johnsgaard.

At nokon framleis slengjer ut påstandar om at ting burde vore annleis, tek han ikkje så tungt.

– Det drit vi i. Me veit kven som seier det, så det hevar me oss over. Me veit kva me står for, og no i ettertid, så ser me at me ikkje kunne gjort noko anna, så det bryr me oss ikkje om, seier Johnsgaard.

Han tykkjer det er verre at andre får høyre det, og kanskje oppfattar det som ei sanning.

– Det er dumt at andre får høyre det. Då får me kanskje eit negativt rykte. For oss er det viktig å komme med korrekt informasjon, seier Johnsgaard.

Kan ikkje planleggje for slikt

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, tykkjer det etter forholda har gått så bra som det kan, når brannen vart så omfattande som han vart.

– Eg har høyrt frustrasjon frå einskilde. Men eg såg kva som vart gjort på staden, og det var ein formidabel innsats, seier Solheim.

Han peikar på at samarbeidet var godt då det uverkelege hende i den vesle bygda.

– Under aksjonen og i etterkant har me vore utruleg flinke og dyktige. Det er ingen som kan planleggje for noko slikt, seier Solheim.

Han peikar på at det er uråd å vere rusta for ein brann av eit slikt omfang som i Lærdal.

– Me er rigga for å takle mykje mindre brannar enn dette. Eg er imponert over kor kort tid det gjekk før me fekk nok kapasitet og hjelp, seier Solheim.