Hopp til innhold

Mange pasientar må ha det, men snart er sjukehusa tomme for morfin

Mange norske sjukehus har gått tomme for enkelte typar sterk morfin som blir brukt til smertelindring for svært sjuke pasientar.

Odd Jarle Kjørstad og Geir Andvik

SLÅR ALARM: Overlege Odd Jarle Kjørstad (t.v.) og avdelingssjef Geir Andvik ved kreftavdelinga i Førde slår alarm for morfinmangelen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Ved kreftavdelinga på Førde sentralsjukehus trur dei ikkje helseminister Bent Høie (H) er klar over kor kritisk situasjonen er blitt.

For no er sjukehuslager over heile landet snart tomme for dei sterkaste typane morfin.

– Dette er verkeleg krise. Eg trudde vi hadde ein legemiddelforsyningsstrategi her i landet, der dei viktigaste medikamenta var sikra til ei kvar tid, seier overlege Odd Jarle Kjørstad og ikkje kan forstå at noko slikt er mogleg i 2014

– Går på tilliten laus

Morfin

MORFIN: Morfin er eit legemiddel som mellom anna blir nytta til smertelindring.

Foto: VAHID SALEMI / AP

Morfin vert brukt for å døyve smertene til dei sjukaste pasientane. Men trøbbel med produksjonen gjer at ingen veit når sjukehuslagera kan fyllast igjen.

– Det er tomt over heile landet. Eg føler det går på tilliten laust til helsestellet. Vi prøver å forklare folk at vi skal hjelpe, og plutseleg ser vi at det vi er heilt avhengige av for å hjelpe, det har vi ikkje lenger, seier Kjørstad.

Må nytte svakare

Situasjonen blir stadfesta ved Statens legemiddelverk. Problema starta i haust og Norge har ikkje det som trengst av den sterkaste morfintypen.

Steinar Madsen

STADFESTAR: Fagdirektør Steinar Madsen ved Statens legemiddelverk.

Foto: Statens legemiddelverk

Fagdirektør Steinar Madsen seier han håpar på ei løysing i løpet av februar eller mars. Enn så lenge må ein nytte svakare morfinstyrkar for å lindre smertene til pasientane.

– Vi tykkjer også dette er veldig, veldig leit. Dette råkar dei vanskelegaste pasientane, dei med langvarig sterke smerte. Det er diverre blitt ein aukande tendens til legemiddelmangel, både i Norge og resten av verda. Det er eit aukande problem og vi er absolutt ikkje glade for dette, seier han.

Fleire årsaker

Madsen seier det er mange forklaringar på kvifor det er blitt ein aukande tendens til legemiddelmangel.

– Det har med at legemiddelfirma kjøper opp kvarandre, at produksjonen blir flytta til India, Kina og så vidare. Det blir færre produsentar, og det har med at fabrikkar ikkje held den kvaliteten dei skal når styresmaktene kjem på inspeksjon, seier han.

Ved Førde sentralsjukehus har tilsette tråla bygningen og apotek for å finne mest mogleg morfin, seier avdelingssjef ved kreftavdelinga Geir Andvik.

– Må varsle no

– Eg trur ikkje pasientar og pårørande skal oppleve noko uro no, men vi som står ansvarlege for å ha tinga på plass må varsle no. Vi kan ikkje sitje på gjerdet å vente. Vi ventar at saka kjem på helseministeren sitt bord så snart som råd så vi får svar på korleis stoda er. Eg tvilar på at han er informert om dette, seier Andvik.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå helsedepartementet.