Hopp til innhold

Skulle vore send ut tre dagar før - pårørande tek rapporten tungt

Den sikta etter trippeldrapet i Årdal skulle vore send ut av landet tre dagar før drapa skjedde. Det går fram av rapporten som politiet la fram måndag, der dei tek sjølvkritikk for måten dei handterte saka.

bussdrap

TUNGT: Dei pårørande sit att med mange spørsmål etter trippeldrapa på Valdresekspressen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Marie Kirkeeide Ravnå som er bistandsadvokat for dei etterlatne i Årdal seier rapporten er vanskeleg lesand for dei etterlatne.

– Det er klart at dette er vanskeleg for dei pårørande å få lese at den sikta skulle vore sendt ut av landet tidlegare. Dette rører dei sterkt. Dei lurer jo på kvifor utsendinga vart usett, og kvifor han var i Årdal når han skulle sendast ut, seier Maria Kirkeeide Ravnå.

Ho er bistandsadvokat for familien til Margaret Molland Sanden, ein av dei tre som vart drepne på Valdresekspressen.

Endra dato to gonger på kort tid

4. november i fjor blir to menn i 50 åra og ei 19 år gammal jente drepne med kniv om bord på Valdresekspressen.

Gjerningsmannen er ein 30 år gammal asylsøkar frå Sør-Sudan. Han har i ettertid nekta å late seg avhøyre, og vil ikkje vedkjenne seg det som har skjedd. Mannen hadde fått avslag på søknaden om opphald i Norge og skulle sendast ut av landet.

Maria Kirkeeide Ravnå

VANSKELEG: Bistandsadvokat for dei pårørande i Årdal, Maria Kirkeide Ravnå, fortel at dei pårørande har det tungt.

Foto: NRK

I rapporten som politiet la fram måndag, går det fram at mannen skulle vore sendt ut av landet tre dagar før drapa. Utsendingsdatoen blei endra to gonger i løpet av kort tid.

Om gjerningsmannen kan ha fått kjennskap til utsendinga vil ikkje politiet gå inn på sidan den delen av saka framleis er under etterforsking.

For dei etterlatne er dette vanskeleg seier Ravnå.

– Vi har tenkt på det, men det er noko vi ikkje veit så mykje om endå, så det er vanskeleg å seie noko om på det noverande tidspunkt, seier Ravnå.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

- Politiet vedgår i ein rapport at det burde vore to tenestemenn til stades på operasjonssentralen den fatale november-kvelden.
Dei vedgår også at det burde vore våpen lagra i politibilane, men politiet tek ikkje sjølvkritikk på at dei køyrde den lengste vegen til drapsstaden.

Meiner situasjonen kunne vore annleis

I rapporten som blei lagt fram måndag tek politiet sjølvkritikk for at bemanninga på operasjonssentralen ikkje var god nok, og at instruksen om væpning ikkje var god nok, noko som førte til at den første politipatruljen som rykte ut ikkje var væpna.

Politiet meinte svakheitene som blei avdekka likevel ikkje hadde følgje for den tragiske utgangen av det som skjedde.

– Familien er oppteken av at sjølv om det no er slege fast at drapa ikkje kunne vore unngått, så kunne situasjonen vore annleis. Dei feil og manglar som kjem fram i rapporten, kunne fått avgjerande betydning. Dei er svært opptekne av at det er viktig å ta lærdom av det som gjekk gale, seier Ravnå.

Justisminister Anders Anundsen (Frp) fekk rapporten på bordet måndag, og likte dårleg det han måtte lese.

– Eg er ikkje nøgd med det vi les i den rapporten. Dei feil og manglar som vart avdekte der, burde ikkje ha skjedd. Vi må jobbe meir for å få Politidirektoratet til å følgje opp, slik at vi ikkje får slike situasjonar i framtida, seier justisminister Anders Anundsen (Frp).

Vart overraska over fleire punkt

– Eg reagerer på det som alle andre har reagert på. Det eine er at operasjonssentralen var for dårleg bemanna, og det var ikkje kontakt på radio mellom operasjonsleiar og den andre personen som var der, noko det skal vere, seier Anundsen.

Han legg også til at diskusjonen kring framskutt lagring av våpen har overraska han.

– Det har ført til umiddelbare endringar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, slik at dette no skal vere i orden. Eg er overraska over at den patruljen som kom først, stoppa 150 meter frå åstaden. Eg ventar at politiet rykkjer aktivt fram i ein pågåande, akutt krisesituasjon, der dei skal leie, seier Anundsen.

Justisminister Anders Anundsen (Frp).

IKKJE NØGD: Justisminister Anders Anundsen (Frp) reagerte på fleire av opplysningane som kom fram i politirapporten.

Foto: NRK

– Kor viktig er denne rapporten i debatten rundt større og meir robuste politidistrikt?

– Den er viktig på den måten at bakgrunnen for at vi i det heile har den diskusjonen, er at vi skal frigjere meir politikraft, slik at ein kan reagere raskare, seier Anundsen.

– Bør denne rapporten få konsekvensar for leiinga i politidistriktet?

– Det er det Politidirektoratet som handterer. Eg er oppteken av at vi skal ha system som fungerer optimalt, og denne rapporten fortel at dei ikkje har fungert optimalt, seier Anundsen.