Hopp til innhold

- Skulle vore meir effektive

Vålrenga vart for sterke for Sogndal, og det enda med eit 2 – 1 tap. – Det er lov å vere skuffa, seier assistenttrenar Tom Mangersnes.

Sogndal tapte mot Vålrenga

FOR STERKE: Vålrenga vart for sterke mot Sogndal på bortebane.–Vi skulle vore meir effektive, seier assistenttrenar Tom Mangersnes.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

– Det er lov å vere skuffa, men vi har ikkje resignert. Assistenttrenar Tom Mangersnes må konstatere at Vålrenga stakk av med sigeren og vann 2 – 1 på heimebane over Sogndal.

Tok tidleg leiinga

– Vi var gode lenge i dag, og vi burde fått meir ut av det. Men når ein møter lag som Vålrenga borte må ein vere meir effektiv, seier Mangersnes.

– Vi får ein veldig god start på kampen og går i leiing og skaper mange store sjansar. Men vi er ikkje effektive nok, og i tillegg slepp vi Vålrenga meir inn i kampen, seier Mangersnes.

Sogndal gjekk tidleg i leiing i kampen etter at Tim André Nilsen stanga inn 1 – 0. Men heimelaget utlikna like før pause.

– Det kunne sett heilt annalens ut dersom vi hadde vore meir effektive. Vi hadde minst 4 opplagde målsjansar. Der burde vi skåra, då kunne vi ha leiia med meir.

Sjølvmål

Assistenttrenaren er fornøgd med laget i første omgang. I andre omgang kom det uheldig sjølvmålet til Hannu Patronen.

– Måten vi framstår på i første omgang i dag då er vi veldig gode så vi skal halde fram slikt. Vi må riste tapet av oss og fortsette å "fighte på".

Sogndal ligg tredje sist på tabellen og er på kvalifiseringsplass. Det står att fire kampar.

Skal kjempe vidare

– Det er oss mot resten av verda. Fotballnorge er leie av å ha oss i tippeligaen og meiner det er på tide at vi rykker ned. Det skal vi motbevise. Det Sogndal alltid har måtte motbevise. Det skal vi gjere denne gong og, seier Mangersnes.

Om fjorten dagar møter Sogndal botnlaget i tippeligaen, Sandes Ulf, på bortebane.

– No skal spelarane få fri nokre dagar og drive eigentrening. Så skal vi legge ein god slagplan for korleis vi skal møte Sandnes Ulf.

– Eg kan love at vi skal sende utpå eit lag som verkeleg vil blø for drakta.