Hopp til innhold

Skulle vore her for fem dagar sidan

Øyvind Rong Tempel frå Hylkje skulle vore på jobb måndag denne veka, men ventar framleis. Helikoptertrafikken står vêrfast på store delar av Vestlandet, og rundt 1000 offshore-arbeidarar har vore råka.

Øyvind Rong Tempel

SKULLE VORE HER: Øyvind Rong Tempel (raud hjelm) skulle vore på jobb for lenge sidan, men sit framleis vêrfast i Florø.

Foto: Øyvind Rong Tempel / Privat

– Eg har jobba åtte år i denne bransjen, men har aldri opplevd noko vere, seier Øyvind Tempel – ein sliten oljearbeidar som enda ikkje har begynt å arbeide.

Helikoptertrafikken mellom Nordsjøen og fastlandet har vore utan normal drift i over fire dagar. Alle arbeidarane som hadde planar om å reise ut til oljeplattformer og andre offshore-lokasjonar må belage seg på venting. Det same er situasjonen for arbeidarane som er på jobb, dei kjem seg ikkje heim att heller.

– Det er rett og slett pisse-kjedeleg, eg har venta sidan måndag!

Øyvind Rong Tempel har vore på Quality Hotel i Florø heile veka. Planen var å vere på jobb måndag, men grunna lyn og torevêr blir Øyvind sittande inne å vente saman med mange andre som er i same situasjon.

Har hopa seg opp

– Det har hopa seg opp noko enormt dei siste dagane, du kan jo tenke deg, når opp mot 20 personar skulle reist med kvart helikopter, og ingen helikopter har letta enda. Då blir det mange ventande, seier den fortvila bergensaren.

Ifølge flyplassjef ved Florø lufthamn, Siv Merete Stadheim, er over 1000 arbeidarar råka av vêret. Både dei som skal ut på offshore- arbeid og dei som vil heim blir sittande i standby og vente på betre forhold.

Helikoptertrafikken er oppe å går igjen, vi har sendt ut tre helikopter og vil prøve å få ut 14 i dag

Siv Merete Stadheim / Florø lufthamn

– Eg veit aldri om eg får reise ut når eg står opp, i natt vakna eg av lyn som blenka på rommet, då tenkte eg at «no blir enda ein dag med venting», fortel Øyvind Tempel.

Ser lovande ut no

Flymeteorolog Jon Ottar Bjørsvik fortel om ustabilt torevêr denne veka, men at det kan bli eit opphald i helga.

– Det er ein del mindre og meir spreidd lyn og torevêr no, men det er framleis fare utsette plassar i dag.

Så langt fredag, er helikoptertrafikken så vidt begynt å fungere. Flyplassjefen i Florø fortel at tre helikopter har letta i dag, så då er dei endeleg i gong.

– Klokka ti i dag fekk vi beskjed om at vêret var bra nok for å begynne å fly igjen, så no skal vi ha 14 flygingar i dag, seier ei nøgd Siv Merete Stadheim.

I dag og utover laurdag skal det vere eit lite opphald i torevêret og dermed kan flytrafikken gå normalt så langt, men problema kan vere tilbake på søndag.

Lyn og torevêr over Førde

FARLEG FOR FLYTRAFIKKEN: Lynnedslag som dette i Førde tidlegare i haust kan gjere store skadar på fly eller helikopter.

Foto: Jon Kalstad

– Det ser ut som det blir bra utover dagen på laurdag, men så kjem det eit lågtrykk igjen på søndag, og då vil det vere fare for torevêr igjen.

Kostbart å fly i torevêr

Grunnen for at helikoptertrafikken har vore ramma denne veka er lynnedslag på vestlandskysten. Helikopter er spesielt utsett for lyn og statisk elektrisitet, får ein eit lynnedslag i rotoren på helikopteret kan det bli skadar for fleire millionar.

Dei fleste helikopter er sikra mot lynnedslag, så det er liten risiko for liv.

– Det er nok på grunn av den økonomiske risikoen, slår eit lyn ned i eit helikopter kan reparasjonen bli på millionbeløp, meiner flymeteorologen.