Hopp til innhold

Evakuerte fleire hundre elevar etter røykutvikling på skule

Mellom 300 og 400 elevar måtte evakuere Sogndal vidaregåande skule då det i ettermiddag utvikla seg røyk i ventilasjonsanlegget på nyebygget. Elevane blir no sende heim.

Brann på Sogndal vgs

EVAKUERTE: Sogn Brann og Redning måtte i ettermiddag rykkje ut til eit branntilløp ved Sogndal vidaregåande skule.

Foto: Inge Kjell Holme

Brannalarmen vart utløyst like over klokka 13. Brannvesenet var i 13.30-tida ikkje ferdige på staden.

– Sidan det er tale om eit ventilasjonsanlegg, så må brannvesenet undersøkje heile delen knytt til verkstadhallen. Vi ser ikkje flammar, men situasjonen er framleis ikkje over, sa ei kjelde til NRK.no klokka 1330.

Evakueringa var ikkje prega av panikk.

– Folk kjende svilukt i bygget, så dei som var nærast skjønte raskt at det ikkje var tale om øving, seier kjelda til NRK.no.

Klokka 14 fekk elevane gå inn i bygget for å hente sakene sine. Skuledagen var avslutta.

– Det luktar framleis svært svidd inne i bygget, seier kjelda til NRK.no.

Espen Rysjedal ved brannalarmsentralen i Florø opplyser at røykdykkarane avslutta sin innsats klokka 13.49.

– Dei held no på med lufting av bygget, seier han og fortel at røykutviklinga skal ha skjedd i samband med eit sliperom.

Det er uvisst om det har kome glør frå sveising eller sliping opp i ventilasjonsanlegget.

Elevane skal møte som vanleg

Rektor Marta Sofie Vange seier at branntilløpet ikkje får store konsekvensar for undervisninga.

– Verkstaden blir stengd i morgon, men då skulle han ikkje ha vore i bruk uansett. Når det gjeld fredagen har vi lagt ein alternativ plan dersom verkstaden framleis ikkje kan brukast då. Så elevane skal møte på skulen som vanleg.