Hopp til innhold

Skuldar vegforkjemparar for å vere passive

FØRDE (NRK): Fleire ønskjer å gjere Kystvegen til riksveg, men fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, meiner forkjemparane for vegen har gjort ein for dårleg jobb.

Hilmar Høl i Arbeidarpartiet

SKEPTISK: Hilmar Høl i Arbeidarpartiet meiner grunnlaget for å gjere Kystvegen til om til riksveg ikkje er godt nok. Likevel vil partiet framleis vere ein pådrivar for 45-minuttsregionen mellom Måløy og Florø. Dei er også opne for å gjere vegen statleg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det kom fram under Sogn og Fjordane Arbeidarparti sitt årsmøte i helga. Fylkespartiet til Arbeidarpartiet vedtok å opne for å gjere Kystvegen om til riksveg, men Hilmar Høl meiner grunnarbeidet ikkje er godt nok til å søke om det.

– Eg er vel ikkje der at eg applauderer for alt dei gjer. Eg tykkjer dei har vore veldig passive. Dei har eigentleg ikkje kome med førespurnader anna enn at dette skal bli ein kystveg, men eg har problem med kor dei har teikna traseane sine og kva retning dei eigentleg vil gå.

– Må også ansvarleggjere seg sjølv

Målet er ein samanhengande veg frå Bergen til Ålesund. Her i fylket er det særskild stykket mellom Florø og Måløy som har vore i søkelyset, og fleire har ivra for å gjere vegen til riskveg. Men framleis ligg Kystvegen under fylkeskommunen.

– Eg trur dei må ansvarleggjere også seg sjølv i større grad enn dei har gjort i denne saka, seier Høl.

Skråkabelbru mellom Bremanger og Vågsøy på Kystvegen

KYSTVEGEN: Målet er å få på plass ein ny veg mellom Bergen og Ålesund på kysten. Denne skissa syner ei tenkt bru mellom Bremanger og Vågsøy på Kystvegen.

Foto: Skisse: Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen

Han vedgår at Fylkeskommunen har ansvar for vegen, men meiner likevel at med ein organisasjon bak prosjektet, så bør også dei ta ansvar for å kome med gode løysingar.

– Det er vårt ansvar å leggje politisk trykk på det, og det føler vi at vi har vi gjort, ved å innanfor våre eigne grenser avgjere at vi vil ha ei prosjektering, ein kostnad og eit traséval på den, og så ser vi på det totale biletet og så søker vi om riksvegstatus.

Vil ha fylkeskommunalt ja til riksvegstatus

Prosjektleiar i samarbeidsorganisasjonen Kystvegen Ålesund-Bergen, Bengt Solheim-Olsen er ikkje samd i at dei har vore passive.

– Det er ikkje ein organisasjon med tung økonomi. Vi har hatt Eivind Hjellum som tilsett på deltid i mange år, og han har etter mi meining gjort ein kjempejobb, seier han.

Bengt Solheim-Olsen

USAMD: Bent Solheim-Olsen meiner forkjemparane har stått på for Kystvegen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Ein av dei tinga jobba med lenge var at fylkeskommunen skulle vedta å setje i gang ei overordna utgreiing om kor Kystvegen skal gå gjennom Sogn og Fjordane. Det har vi heldigvis kome i gang med no.

Solheim-Olsen oppmodar Hilmar Høl og dei andre fylkespolitikarane om å gjere meir.

– Det viktigaste som kunne skjedd for vår del var at Fylkeskommunen gjorde eit vedtak om at dei støttar Kystvegen Ålesund-Bergen og kystkommunane i dei innspela vi har kome med til fagetatane i høve til arbeidet med Nasjonal transportplan, men der stemte Hilmar Høl og andre det ned.

Frp og Høgre har på sine fylkesårsmøte vedteke å gå inn for at Kystvegen blir statleg eigd. Senterpartiet meiner fylket sjølv kan klare å realisere vegprosjektet.