Hopp til innhold

Skuldar Fjord1-styret for å vere uproffe

KrF sin fylkesleiar, Trude Brosvik, meiner Fjord1-styret var utydelege på rollene under ein middag med fylkesordføraren.

Brosvik kritisk til Fjord1

KRITISK: Trude Brosvik (KrF) er kritisk til måten Fjord1-styret handterte den famøse middagen med fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Foto: Montasje / NRK

I går avslørte NRK at Fjord1 møtte fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) til middag, rett før dei skulle starte samtalar om fusjon med Norled. Visstnok utan å seie kva som var på gang.

Det meiner Brosvik er svært underleg.

– Det verkar uprofesjonelt at ein ikkje har vore tydelege på om det har vore møte med eigaren, eller berre ein uformell venneprat, seier ho.

– Dette er ei alvorleg sak

Fylkesutvalet vart i vår tekne på senga då det kom fram at Fjord1 hadde skrive intensjonsavtale om fusjon. Dette skjedde samstundes som fylkespolitikarane vurderte sal av aksjeposten i selskapet, som fylkeskommunen eig over halvparten av.

Fylkesordførar Kjelsnes har heile tida sagt at ho visste like lite som resten av Fylkesutvalet.

Samstundes som styret i dag får refs av Brosvik, fekk fylkesordføraren i går som hatten passa av Frp sin gruppeleiar på fylkestinget, Frank Willy Djuvik.

– Fylkesordføraren handterer informasjon på eiga hand, utan at fylkesutvalet eller fylkestinget er involverte. Det er mykje som tyder på at fylkesordføraren har gått langt ut over sine fullmakter, sa han.

Har varsla høyring

Åshild Kjelsnes nekta først, men ombestemte seg og vedgjekk seinare at middagen hadde funne stad. I går sa ho at det var ho som ikkje ville ha meir informasjon, då diskusjonen dreidde seg til å handle om korleis Fjord1 ønskte å styrke selskapet.

– Det var eg som meinte at det ikkje var vits i å gå i detaljar på kva dette dreier seg om no. Eg meinte det var naturleg at dei kom tilbake til det når dei hadde noko meir handfast.

Leiar i kontrollutvalet til fylkeskommunen, Arve Mjømen (H), har alt varsla ei høyring i saka. Han meiner det er naturleg at Kjelsnes skulle fått vite om fusjonsplanane under middagen.

– Det er ikkje nokon som kan påstå noko her, men det burde vore naturleg at den informasjonen vart gitt på eit tidleg tidspunkt. Er det slik at ein ikkje har fått informasjon så er det grunn til å stille spørsmål ved det òg, seier Mjømen.

– Ikkje forbode å ha middag i lag

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, ser ingen problem med at styreleiar Reidar Sandal eller fylkesordførar Kjelsnes, begge frå same parti, har møttest til uformelle samtalar.

– Det kan ikkje vere forbode for fylkesordføraren og to andre frå Fjord1 å ha ein middag i lag. Det er ikkje dermed sagt at noko har kome fram, seier han.

– Er det ikkje litt merkeleg at konsernsjefen og direktøren under middagen sit med informasjon som dei ikkje deler med fylkesordføraren?

– Eg kan ikkje spekulere i kva som er blitt sagt og ikkje sagt, for det veit eg ingenting om. Dei har sikkert diskutert nokon strategiske formål med Fjord1, men ikkje noko meir. Det er heilt ok for meg.

Styreleiar Reidar Sandal svarte i går ikkje på kritikken frå Brosvik