Hopp til innhold

Føler han aldri fekk vist kva han var god for i Start

SOGNDAL (NRK): Babacar Sarr (25) føler han aldri fekk vise kva han var god for i Start. Søndag fekk midtbanegeneralen eit skuffande møte med gamle lagkameratar.

Babacar Sarr

GLAD: Sogndal sin midtbanejuvel Babacar Sarr er meir nøgd med klubbytet enn med poengfangsten mot gamle lagkameratar i Start.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Vi held framleis kontakten, så det var kjekt å treffe dei. Men eg er veldig skuffa over at vi ikkje tek alle poenga, seier Sogndal-spelaren.

Skuffa gjensyn

Babacar Sarr hadde store planer om å sende gamle lagkameratar heim til Kristiansand utan poeng.

To mål frå Christophe Psyche såg lenge ut til å ordne det. Men Alexander Ray De John og innbytar Espen Hoff ville det annleis.

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi dominerer kampen i første omgang, blir litt for låge i presset og slappar nok litt av etter 2–0. I dag var vi ikkje opp mot vårt beste. Ein må stå løpet ut, seier Sarr.

Fekk sjansen i Sogndal

For 25-åringen var det eit spesielt, men ikkje første møte, med gamleklubben. Sarr har 1.374 minuttar fordelt på 26 seriekampar for Start. I Sogndal har senegalesaren blomstra i rolla som defensiv midtbanespelar.

Babacar Sarr etter kampen

SJÅ VIDEO: Babacar Sarr var skuffa etter å måtte dele poeng med gamleklubben Start. (FOTO: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN/NRK)

Den sjansen fekk han ikkje i Start.

– Eg vart brukt i fleire posisjonar, men det er defensiv midtbane som er min beste posisjon. Her i Sogndal føler eg at eg viser både klubben og Norge kva eg kan, seier han.

– Er du glad for at du bytte klubb og er i Sogndal?

– Eg er glad uansett kvar eg er, berre eg får bra med speletid. Det er det som gjer meg til ein betre spelar, og det vil komme meir frå meg.

Ville hatt tre poeng

Espen Hoff

SKUFFA: Espen Hoff parkerer Sogndal sin tomålshelt Christophe Psyche og utliknar for Start.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Som lagkamerat har Sarr sett Espen Hoff syte for poeng for sørlandsklubben tidlegare. Det skjedde også på Fosshaugane ni minuttar før slutt.

Dette var Start sin 27. seriekamp på rad utan siger. Det er tangering av Sandefjord sin dystre rekord frå 2007.

– Vi er brukbart nøgde med eitt poeng, men vi skulle helst hatt alle tre. Vi vaknar eigentleg ikkje før på 2-1-reduseringa. Etter det har vi moglegheit til å vinne, så vi reiser litt skuffa heim, seier Hoff.

Espen Hoff berga eitt viktig poeng for eit Start i desperat poengnaud.

SJÅ VIDEO: Espen Hoff berga eitt viktig poeng for eit Start i desperat poengnaud. (FOTO: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN/NRK)

– Det har butta litt i mot denne sesongen. Var dette poenget vendepunktet?

– Vi har sett tendensen lenge, men vi jobbar hardt og har tru på at vi skal plukke poeng framover.

– Overlever Start i år?

– Ja.

Christophe Psyche scora sine to første mål for sesongen mot Start.

SJÅ VIDEO: Christophe Psyche scora sine to første mål for sesongen for Sogndal. (FOTO: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN/NRK)

Tek sjølvkritikk

Sogndal-trenar Eirik Bakke var skuffa over å sjå laget gi vekk det som lenge såg ut som ein komfortabel siger.

Han tek også litt av skulda for poengtapet.

Sogndal leia 2-0, men måtte likevel dele poenga med tabelljumbo Start.

SJÅ VIDEO: Eirik Bakke tek sjølvkritikk for eigne disposisjonar. (FOTO: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN/NRK)

– Av og til treff ein med disponeringane og av og til ikkje. Eg trefte ikkje heilt i dag med byta. Eg følte vi var litt baktunge og ville ha høgare press i bana. Men vi fekk ikkje presset til å fungere, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..