Hopp til innhold

Tre meter høge steinar kom rasande langs huset: – Vi var klare til å springe

Litt over klokka 14 i ettermiddag kom ni svære steinar buldrande ned fjellsida og langs jordet ved huset. Ei svært skremmande oppleving for dei som var der.

Ras Fortun

STORE STEINAR: Over tre meter høge steinar kom rasande ned fjellsida.

Foto: Privat / Privat

– Vi høyrde det buldra i fjellsida og såg noko som likna på ei røyksky. Då var vi klare til å springe motsett veg, seier Linda Aalen.

Familien hennar bur i huset som ligg nærmast banen steinane tok ned fjellsida. 36-åringen som er heime på ferie hjå foreldra har aldri opplevd eller høyrt om like store steinras i området.

Var redde

– Det kjem av og til småstein, men dette er annleis. Dei største av steinane er over tre meter høge. Nokre ligg på same sida som huset, medan andre har rast over vegen, fortel Aalen.

Steinane kom rasande ned frå fjellet Hjorten. Området ligg rundt 200 meter frå Fortun kyrkje i Luster kommune. Aalen legg ikkje skjul på at det var skremmande for familien. Steinane stogga rundt 100-150 meter frå huset.

– Du ser steinane kome mot deg og du veit aldri kor dei sprett. Dette er ei oppleving vi godt kunne vore forutan, seier Aalen.

– Var de redde?

– Ja, vi var klare til å springe, for panikken tok meg akkurat i augneblinken.

Bilistar må vere forsiktige

Det er riksveg 55 mot Sognefjellet som går gjennom bygda.

– Vegen vart skada av ein av steinane som rulla over.

Men vegen skal vere framkommeleg.

– Ja, bilane kjem seg fram. Men dei bør vere forsiktige rundt holet i vegen.