Hopp til innhold

Skreiv kontrakt på ein milliard kroner

Havyard Ship Technology AS, avdeling Leirvik i Sogn skal levere to isbrytande offshore fartøy. Båtane til ein verdi på over ein milliard kroner skal leverast innan 2016.

Havyard 843 ice

ISBRYTANDE: Desse to skipa skal byggast ved Havyard Leirvik.

Foto: Illustrasjon: Havyard

Det er eit internasjonalt reiarlag som no har bestilt båtane på 86,7 meter frå Havyard Ship Technology AS.

Ifølgje ei pressemelding frå Havyard skal fartøya utføre avanserte oppdrag under ekstreme forhold.

– Då vi inngjekk kontrakten i fjor hadde vi store forventingar til marknaden i Arktis og dei nye kontraktane viser at satsinga vår har vore riktig, seier salsdirektør Tor Leif Mongstad.

Har levert sju

Skipa skal designast av Havyard Design og Solutions i Fosnavåg, og skal byggast ved verftet i Hyllestad.

Verftet er blant dei som har bygd flest isbrytande offshore fartøy. Sju i talet sidan 1995. I tillegg kjem dei to som skal leverast om to år.

– Det at vi har bygd så mange av denne typen frå før gir kunden ein tryggleik for at vi veit kva vi styrer med og at dei får det dei ventar. Skal vi lukkast med å levere gode skip må vi ha god kontroll på designen og byggeprosessen, samstundes som vi har eit godt samarbeid med reiaren gjennom heile prosjektet, seier Kenneth Pettersen, leiar av forretningsområdet.

Solid ordrebok

Med denne ordren på to eksemplar av Havyard 843 Ice, har Havyard-gruppa no ni nybygg i ordre ved verftet i Leirvik. Ordrereserven på skipsbygging i er på i underkant av tre milliardar norske kroner.

Salsdirektør Mongstad har tru på at satsinga mot reiarar som opererer i arktiske strok vil opne for endå fleire forretningsmoglegheiter i framtida.

– I tillegg til Havyard 843 Ice designen har vi også andre isbrytande design i porteføljen og kan kjapt snu oss rundt og tilpasse designane våre til kundane sine behov. Vi har god tru på at det kan bli fleire slike kontraktar framover, seier han.