Hopp til innhold

Skred gjorde stor skade på bøane

Store skred har dundre ned fjellsida i Vetlefjorden i Balestrand og ført til store øydeleggingar på bøane. Eit av rasa kom like ved der ein familie bur.

Skred i Vetlefjorden i Balestrand

NÆRE PÅ: Skredet hos familien Vigdal har stoppa like før fjøsen.

Foto: Susanne Norheim Vigdal

Leif Magne Vigdal sat heime i stova fredag kveld då det heile starta på grunn av store nedbørsmengder. Skredet heldt på å treffe fjøsen hans.

– Vi høyrde forferdeleg drønn og det rista i bakken. Eg og kona reiste til naboen etter at det første skredet kom. Ungane våre var allereie ute av huset. Vi fann ut at det var det beste, seier han.

Stoppa ved fjøsen

Vigdal trur det rasa ti-tolv gonger fredag kveld og mykje snø, jord og stein har lagt seg på 20 mål av marka hans.

Dei er vane med at det går ras i området og det er ein skredvoll over huset. Dei frykta eigentleg ikkje for at bustadhuset skulle vere i fare, men dei valde likevel å ikkje vere heime. I fjøsen står 300 sauer og den bygningen står meir utsett til.

– Fjøsen var meir i fare og skredet stoppa like før den.

Store krater på bøen

Skred i Vetlefjorden i Balestrand

MYKJE ER ØYDELAGD: Dette gjerdet stod oppå bøen. Slik ser det ut etter at vatnet tok med seg mykje jord.

Foto: Renate Rendedal

Men det er ikkje berre på garden der han bur at det ha blitt omfattande skader. Han leiger ein bø ein annan stad i Vetlefjorden og der har mykje rasa ut.

– Dette skjedde natt til laurdag. Det har kome ei digert skred i området som har ført med seg mykje vatn over bøen. Eg trur også at skredet har ført til rørsle i bakken. Mykje har rasa ut slik at det er store krater på bøen no, seier han.

Husa som står like ved er det ingen som bur fast i og det var ikkje fare for dei. No ventar mykje arbeid for å få bøen like heil som før. Vigdal seier dei må inn med maskinar og folk som kan slikt. Det var ikkje fare for husa som står der og dei står tomme.

– Også på bøen heime har eg mykje arbeid i vente for å fjerne massane, seier han.