Hopp til innhold

Alle dei tre brannane i Eid er sløkte

Skogbrannane ved Lidavarden og Myroldstøylen er sløkte, og røykutviklinga i ein trafostasjon ved Espe er stogga.

Skogbrann ved Liavarden i Eid kommune.

SJÅ VIDEO: Brannen ved Lidavarden i Eid var den eine av to skogbrannar i kommunen, samt at det var røykutvikling i ein trafostasjon. Alle er sløkt no. (FOTO: Morten Iversen)

Kraftig lyn og torevêr har søndag ettermiddag fått det til å brenna fleire stader i Eid kommune i Sogn og Fjordane.

Både ved Lidavarden og Myroldstøylen har lynet slått ned og starta skogbrannar, og i ein trafostasjon ved Espe var det røykutvikling og antyding til brann.

Alt er sløkt

Ei kraftig regnbye har sløkt brannen ved Lidavarden, nordvest for Nordfjordeid sentrum. Også i trafostasjonen ved Espe er det sløkt.

Siste: Alarmsentralen melder om at også den siste brannen, den ved Myroldstøylen nær Stårheim, også er sløkt.

– Det har brent litt, men det var sløkt når mannskapet kom opp dit, så no er alle brannane sløkt, seier Frode Eide, vaktleiar ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK.

Sløkt av regnet

Sigurd Reksnes bur i bygda Haugen i Eid, knappe kilometeren frå der det brann ved Lidavarden.

Skogbrann i Eid

SKOGBRANN: Slik såg det ut før regnet sløkte brannen ved Lidavarden.

Foto: Stig Oldeide

– Det såg ordentleg dramatisk ut, og halve bygda var røyklagd. Heldigvis kom det ei ordentleg regnbye no og sløkte heile brannen, seier han om lag klokka 18.40.

Brannmannskap, sivilforsvar og politi er i området endå. Reksnes seier brannen var omtrent ved tregrensa, om lag ein kilometer frå nærmaste gard.

– Det var masse vind, så det kunne gått skikkeleg gale om det ikkje hadde byrja å regna, seier han.

Sivilforsvaret undersøkjer området nærmare utover kvelden, opplyser politiet.

Straumen er vekke

Om lag halve bygda er utan straum når NRK snakkar med Reksnes om lag klokka 18.40.

Sogn og Fjordane Energi (SFE) melder klokka 20 om mange feil i Eid, utover mot Bryggja i Vågsøy og utover mot Hennebygda.

– Alle montørar som er tilgjengele er ute for å ordna feila, seier Jørn Lote, driftsingeniør ved SFE sin driftssentral på Sandane klokka 20.06.

Brannen ved Lidavarden braut ut litt før klokka 18, og det gjekk ikkje lenge før brannen ved Stårheim tok til.

Myroldstøylen og Liavarden