Hopp til innhold

Skjebnemøte for høgskulen

Høgskulane på Vestlandet var i dag kalla inn på teppet til kunnskapsministeren. Han vil at dei skal slå seg saman til større einingar, men Høgskulen i Sogn og Fjordane står framleis fast på sjølvstendelinja.

Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

AUKANDE PRESS: Høgskulen i Sogn og Fjordane har heile tida stått på at dei ønskjer samanslåing. I dag var dei kalla inn til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, for å diskutere samanslåingar mellom utdanningsinstitusjonane på Vestlandet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Styreleiar Heidi Kathrin Osland seier det likevel ikkje var kjeft å få frå ministeren i dag.

– Det var eit godt og interessant møte, med gode diskusjonar mellom dei ulike institusjonane. Eg ser vi står langt frå kvarandre, men tonen er god og det er bra, seier ho.

Står langt frå kvarandre

Presset på å slå seg saman veks for kvar dag som går, men problemet på Vestlandet har til no vore at dei ulike utdanningsinstitusjonane har svært ulike ønskjer:

  • Høgskulen i Ålesund ønskjer samanslåing med NTNU.
  • Molde ønskjer sjølvstende.
  • Høgskulen i Volda ønskjer samanslåing med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
  • Høgskulen i Bergen ønskjer samanslåing med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Volda og Stord.
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane ønskjer å stå åleine.

Osland trur at kunnskapsministeren vil få ei krevjande oppgåve med å finne ei felles løysing, når institusjonane står så langt frå kvarandre.

Heidi Kathrin Osland

KREVJANDE: Styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Heidi Kathrin Osland, trur kunnskapsministeren vil få ei krevjande oppgåve med å slå saman utdanningsinstitusjonane på Vestlandet.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Det blir Isaksen si oppgåve denne gongen, seier Osland.

Har ikkje fått aksept for sjølvstendelinja

Ho seier dei kom for å lytte, og at kunnskapsministeren ønskjer dialog.

– Vi fekk framført tankane om korleis vi ser på samarbeid og utviklingane av utdanningane vidare, seier Osland.

Men det betyr ikkje at dei har fått aksept for synspunktet at greier seg best som åleine.

–Vi har ikkje fått aksept for noko, men det vi eg er glad for i dag, er at statsråden vil ha ein dialog med oss på kva vi meiner er krevjande med ein fusjon, seier styreleiaren.