– Folk har forbetringspotensiale på ski, meiner Asgeir Årdal.
Han er ein aktiv skiløpar, og starta eige kurs i Sogn og Fjordane i 2011 - rett og slett for å lære folk flest god teknikk. No i 2015 har han framleis kurs. Han merkar at det framleis er stor interesse, og på Langeland er det ei stor brukarskare som ynskjer å forbetre teknikken. Det er alt frå folk folk i 20-åra og oppover.
Har ofte lyst til å seie ifrå...
– Når eg går på Langeland og trenar, har eg ofte lyst til å seie ifrå til folk som kan forbetre teknikken sin, seier Årdal.
Den tidlegare toppidrettsutøvaren jobbar i dag som idrettslærar på vidaregåande i Sogndal og på Mo og Øyrane og var tidlegare sportssjournalist i Firda. Han tykkjer det er moro å lære frå seg.
Han har satsa mest på sprint, og har topp ti-resultat frå NM som beste prestasjon. I tillegg har han gått Birkebeinerrennet på 2.50. Han driv i dag opplæring i skiteknikk gjennom skitime.no
Sjå kvar einskild teknikk her:
KLASSISK:
Diagonalgang er den vanlegaste måten å gå på ski klassisk. Det er viktig med tyngdeoverføring og gli på skia.
Dobbelttak med fraspark er fint å bruke der det er flatt eller lett terreng. Vanlege turløparar slit ofte med denne teknikken. Stavtaket og fråsparket må vere på same tid.
Dobbelttak eller staking er teknikken du brukar i flatt terreng eller i nedoverbakke. Den vanlegaste feilen er at folk bøyer knea for mykje.
SKØYTING:
Padling blir brukt i bratte motbakkar. Då er det viktig å henge på staven. Hugs at i skøyting må ein ha lange stavar. Dei skal gå over skuldra og rekke nesten til nasen.
Enkeldans er den teknikken du brukar i lette parti og slakt nedover. Dess høgare fart, dess meir brukar ein enkeldans.
Dobbeldans er fin å bruke i slake oppoverbakkar før ein går over til padling. Her er det viktig å få tyngda heilt over skia.