Hopp til innhold

Skisentera må på tiggerunde

Fleire skisenter i Sogn og Fjordane er no på friarferd til kommunane for å sørge for vidare drift.

Stryn vinterski og Harpefossen skisenter

LITE SOM MINNER OM VINTER: Desse bileta er frå Stryn Vinterski (til venstre) og Harpefossen skisenter like før vinterferien i år. Det er lite som minner om forholda skiglade lengtar etter.

Foto: Nettkamera (Montasje)

Stryn vinterski, Breimsbygda skisenter i Gloppen og Harpefossen skisenter i Eid har alle teke kontakt med sine kommunar. Etter ein svært så stussleg skisesong må dei be om økonomisk hjelp.

Vi har ikkje noko anna val, seier styreleiar ved Harpefossen, Stein Bjørhovde.

– Det er ikkje noko kjekt å be om pengar, men for oss er det ikkje noko alternativ å gå til eigarane som er idrettslaget. Dermed blir det kommunen vi må lene oss på, seier han.

Treng ei rask avklaring

Og skisenteret i Eid er ikkje åleine om å slite økonomisk etter denne vinteren. Mildvêr og lite snø har ført til lite aktivitet i fleire skibakkar på Vestlandet, og mange av dei hadde også ein laber sesong i fjor.

Harpefossen skisenter på Eid ber no kommunen om 1,6 millionar kroner i tilskot eller lån.

– Vi har jobba opp mot leverandørar for å få til betalingsutsetting. Vi har eit opplegg for desse tinga, så det er ikkje slik at vi treng pengane i morgon.

– Men dess raskare vi får ei avklaring, jo lettare er det for oss å kunne planlegge drifta for neste sesong, seier Bjørhovde.

(Artikkelen held fram under)

Dei fleste skisentra i Sogn og Fjordane og Hordaland slit med raude tal etter fjorårets sesong. Og med det vinterveret me har hatt til no, ser det mørkt ut også i år.

SLIT MED RAUDE TAL: Mange skisenter i Sogn og Fjordane og Hordaland slit med raude tal, og årets sesong ser ikkje ut til å betre den økonomiske situasjonen. Sjå TV-saka frå andre januar.

Fleire skisenter i same situasjon

I Gloppen har politikarane løyvd 350.000 kroner til Breimsbygda skisenter. Det skjedde etter at styret varsla at økonomien var i ferd med å nærme seg eit kritisk punkt.

Også Stryn vinterski er i dialog med kommunen om hjelp, medan Jølster skisenter hadde ei liknande redningsrunde i fjor.

Alle dei nemnde kommunane har tidlegare gått inn med titals millionar kroner i garantiar på tippemidlar, lån og tilskot.

Ordføraren vil hjelpe

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) ønskjer også denne gongen å hjelpe skisenteret i den vanskelege situasjonen.

– Det å ha eit skisenter i kommunen er viktig, både for bulyst og for trivsel, seier han og held fram:

– Men kommunen kan ikkje vere ansvarleg, og ta det største økonomiske ansvaret for å drive skisenteret.

Han seier dei er heilt avhengige av at skisenteret har ein driftsmodell som går opp, og at dugnadsinnsatsen og oppslutnaden i bygda er stor rundt senteret.

– Så kan vi som kommune vere ein medspelar. Eg trur vi skal greie finne løysingar som sikrar framtida for Harpefossen skisenter, seier ordføraren.