Hopp til innhold

Slik vart «rekkverk mangler» til «arbeidslyst mangler»

Einkvan meiner tydelegvis at arbeidet i Movika i Førde har teke for lang tid. Plutseleg fekk fareskiltet «rekkverk manglar» ein heilt annan bodskap.

Skilting ved Movika

STEMMER IKKJE: Det skal ikkje skorte særskilt på rekkverk eller arbeidslyst i Movika.

Foto: NRK.no-tipsar

For over «rekkverk» er det skrudd fast ein planke med «arbeidslyst» slik at bodskapen plutseleg blir «arbeidslyst manglar».

– Eg tykte det var ganske så artig, humrar ein NRK.no-tipsar.

Like artig tykkjer ikkje seksjonsleiar Margot Aase Åsebø hos Statens vegvesen at stuntet er.

Etaten tykkjer nemleg lite om at nokon endrar bodskapen på skilta deira.

Margot Aase Åsebø

SEKSJONSSJEF: Margot Aase Åsebø.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi er ikkje særskilt begeistra for at folk driv skadeverk på våre skilt. Som regel er skiltet der med god grunn. Dette er eit fareskilt, men no viser det seg at faren her ikkje er så stor likevel, seier Aase Åsebø og forklarar at det ikkje skortar på verken arbeidslyst eller rekkverk på staden.

Bakgrunnen for skiltet er rekkverk som skulle monterast på ei lita bru på E39 i Movika, mellom Førde og Jølster. Der har det vore utført utbetringsarbeid etter at ei elv fløymde over då ekstremværet Dagmar herja i romjula 2011.

Arbeidet vart sett i gang for ei tid tilbake og skulle etter planen vere ferdig.

– Rekkverket er på plass, men det manglar ei lita endeavslutning. Vi trudde det skulle bli ferdig før jul, men kvifor det ikkje er blitt det kan eg ikkje svare for, seier ho og legg til at det var litt tvil kva radius ein skulle bruke på endeavslutninga.

– Men dersom det i realiteten ikkje er noko fare der, og rekkverket er på plass, kor lenge skal skilta stå der?

– Det får vi vurdere. Vi ser rekkverket er der, og det stemmer ikkje heilt overeins med bodskapen til skiltet.