Hopp til innhold

Stormar og orkanar i kø utanfor kysten

Meteorolog Anna Reistad ber folk utsetje utearbeid, og heller halde seg innandørs dei komande dagane. For no ventar det storm og orkan. Ei heil veke til endes.

Vêrkart

I KØ: På dette kartet ser ein korleis lågtrykka og stykkevêret ligg i kø utanfor norskekysten.

Foto: skjermdump yr.no

Meteorologen har ikkje noko lyspunkt å komme med for kommande veke. Tvert om står lågtrykka i kø utanfor norskekysten. Det eine verre enn det andre.

– Det er veldig, veldig hektisk i atmosfæren for tida. Det er veldig haustleg og lågtrykka er både mange og sterke. Mange vil utvikle seg til stormsenter, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Anna Reistad.

Orkan ved Stad i morgon

– Det blir ikkje noko behageleg å vere ute. Vi ventar mykje vind og aukande nedbør. Vinden kjem fort til å auke til sørleg liten og full storm på kysten. Det blir ein del regn og etter kvart snø over 800 meter, seier Anna Reistad.

Frå i morgon føremiddag dreier vinden sørvest.

– Utover dagen blir det liten storm, og kortvarig full storm i Nordfjord og orkan ved Stad, seier Reistad.

Bølgjer over ti meter

Ho rår folk til å finne seg aktivitetar innandørs, og så langt det er mogleg unngå syslar utandørs.

– Full og liten storm kan gi ganske sterk kastevind. Det kan bli full storm i vindkasta og det er veldig mykje vind, seier Reistad.

Ho trur bølgjene ved Stad vil vere opp i ti og ein halv meter torsdag ettermiddag, og det kan få konsekvensar for skipstrafikken.

– Det er veldig mykje. Maksbølgjer kan komme opp i 22 meter, seier Reistad.

Anna Reistad

BERRE UVÊR: Meteorolog Anna Reistad har ingen gode meldingar å komme med denne veka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kastevindane blir mykje sterkare

Når det bles med orkan styrke, betyr det 33 meter per sekund. Men kastevindane kan bli langt sterkare.

– Mykje, mykje sterkare, seier Reistad.

Utsette stader, også i innlandet, vil merke vêret når vinden dreier på sørvest.

– Det er absolutt mogleg å kjenne opptil liten storm, også i innlandet, seier Reistad.

Stengde fjellovergangar

Det blir full storm på høgfjellet og fjellovergangar kan stenje. Riksveg 13 over Vikafjellet er allereie steng grunna uvêr. Det same er fylkesveg 53 Tyin-Årdal.

– Det vil bli mykje vind og nedbør. Nedbøren kjem mest truleg som snø. Det blir dårleg sikt og grått vêr, seier Reistad.

I løpet av det neste døgn kjem det ein del nedbør, men ikkje fullt så mykje som vi har fått siste to døgn.

– På 24 timar kjem det mellom 40 og 60 millimeter på stader som vanlegvis får mykje nedbør, seier Reistad, og legg til at Takle førre døgn fekk 108 millimeter regn.

Snøgrensa kryp ned mot 200 meter

Når vinden dreiar vestleg i morgon kveld, vil snøgrensa gå ned mot 200 meter.

– Temperaturane blir lågare, det blir utrygt for torden og snø også i låglandet, seier Reistad.

På langtidsvarselet vil det neste kraftige lågtrykket treffe på laurdag, med eit nytt eit på søndag.

– Laurdag midt på dagen kjem det eit kraftig eitt, og vi får baksida av det på søndag med kraftig vind og torden. Mest truleg også sludd og snø, seier Reistad.