Hopp til innhold

Skiftar dialekt og namn: Ho er Runa på Vestlandet og Victoria på Austlandet

Runa Victoria Engen skiftar namn og dialekt alt etter kvar ho er og kva ho vil oppnå.

Runa Victoria Engen skiftar namn og dialekt alt etter kvar ho er og kva ho vil oppnå.

SJÅ VIDEO: Ho er Runa på Vestlandet og Victoria på Austlandet. Her fortel Runa Victoria Engen om å sjekke gutar på austlandsk kontra vestlandsk.

Runa Victoria Engen vaks opp i Sandane, men då ho var 12 år flytta ho med mora til Halden.

– Der la eg om til austlandsk. Og i Østfold er det vanleg å bruke mellomnamn, så eg blei Victoria der, fortel ho.

Blir sett på som yndig

Av ein eller annan grunn fortsette ho å snakka vestlandsk med faren og familien i Sogn og Fjordane, og ho kalla seg Runa med dei. Men med alle andre snakka ho østfolddialekt, og då heitte ho Victoria.

– Det er fordelar med å heite Victoria, for då kan eg be om hjelp som til dømes å bere tunge ting. Då blir eg sett på som litt yndig og hjelpelaus, ler ho.

Utnyttar å kunne to dialekter

I dag bur Runa i Bergen og jobbar som journalist i NRK. Her brukar ho vestlandsdialekt når ho snakkar på radioen. Men av og til er det lettare å få tak i ein del folk om ho snakkar bokmål.

– Eg trur folk har mange tankar om korleis ein person er, basert på dialekta. Det er lett å bli putta i ein bås, trur ho.

Runa utnyttar det å kunne to ulike dialektar og dei fungerer på forskjellig vis.

– Eg brukar mellom anna austlandsk når eg skal sjekke gutar, men vestlandsk om eg blir teken i fartskontroll.

– Men dei siste åra har eg stort sett snakka vestlandsk. Før gjorde eg det mykje meir og var heilt bevisst på det, ler ho.

Du kan sjå programmet Dialektriket med mellom anna bidialektale Runa Victoria Engen i nett-TV.

Knotar og skarre-r

Dialektriket er ein serie der programleiar Yasmin Syed tek sjåarane med på ei oppdagingsreise i dialektriket Noreg.

Kva er det med desse dialektane? Korfor gjer dei oss så stolte og glade, og samtidig så sinte og såre? I seinare program får du møte andre personar frå Sogn og Fjordane, mellom anna ein skikkeleg knotar og ei bygd der det blir kjempa innbitt mot skarre-r-en.

Du kan også vere med å røyste fram det beste dialektordet i Norge. Det gjer du ved å gå inn på nrk.no eller via Facebook-sida til Dialektriket.