Hopp til innhold

Per Ove trudde dei var litt seint ute - men brått stod storbukken der...

Per Ove Walaker frå Fortun seier seg ferdig med reinsjakta etter at han tok ut dette prakteksemplaret av ein reinsbukk på jaktas første dag i Vest-Jotunheimen.

Per Ove Walaker

FORT GJORT: Per Ove Walaker trengde ikkje lange jaktturen før det vart fangst allereie på jaktas første dag.

Foto: Lasse Tuften

– Vi var eigentleg litt seint ute, så vi var budde på at vi kanskje ikkje såg så mange dyr, fortel Walaker, som bur i Fortun, ved foten av Sognefjellet.

Jakttida for villrein er frå 20. august til 30. september, og for mange er dette eitt av åras høgdepunkt. Onsdag, på reinsjaktas første dag, la han og nokre jaktkameratar i veg heimanfrå i 8-tida.

– Ofte pleier vi å dra ut i 04-05-tida, men onsdag var vi litt seine, seier Walaker.

Har ikkje rukke å telje taggane

Dei køyrde til Turtagrø og inn over tindefjellsvegen eit par kilometer til dei kom til Ringsdalen.

– Der var det ein liten flokk på fem bukkar. Det var ingen andre jegerar der, så det gjekk ganske greitt, seier Walaker.

Han har jakta på rein i 10–12 år, men aldri teke eit så stort dyr som i år.

– Det var ein praktfull bukk på om lag 85 kilo slaktevekt. Eg har aldri skote så svær bukk, så det var litt artig, seier Walaker.

Men kor mange taggar reinsbukken hadde, har ikkje Walaker heilt fått oversikt over.

– Eg har ikkje fått talt. Eg skal flå hovudet i dag, så då får vi sjå. Men det var litt av ein krans, seier Walaker.

Kjekt å få jakte att i nærområdet

– Eg har jakta mykje borte i Sjåk, sidan det har vore stengt her nokre år. Det var fint å få byrje att her, seier Walaker.

Vest-Jotunheimen villreinområde har vore stengt for jakt mellom 2008 og 2013 fordi ein har prøvd å byggje opp att stammen att. Men området er opna for jakt att i år.

Sjølv om villreinjakta held fram til 30. september, trur Walaker det er slutt på reinsjakta for hans del.

– Nei, no har eg fått nok. Eg hadde ein lang tur til Kinsedalen, ytst på Lustrahalvøya i går, der eg gjekk i 14 timar. No er eg godt sliten, så eg tvilar på at det vert meir reinsjakt i år, seier Walaker.

Men rifla vert ikkje lagd vekk for det. 1. september startar hjortejakta, og då er Walaker klar.

– Det blir nok hjortejakt også. Men fram til det får eg halde meg litt heime, seier Walaker.

Melder om feite og fine dyr

Einar Fortun er med som jaktoppsyn i Vest-Jotunheimen, og fortel at starten på jakta har vore god, og at det har vorte fellt både store og flotte dyr.

– Dei dyra som har vorte tekne til no er store og fine bukkar, seier Fortun.

Han fortel at bukkane i år har eit veldig spekklag.

– Dei har spekklag som har lagt seg opp gjennom heile sesongen, og dei har tydelegvis gått på gode beite i sommar. Eg har sjeldan sett så fine dyr som i år, seier Fortun.

Han kan førebels ikkje seie så mykje om simler og kalvar, då det er mest bukkar som har vorte skotne til no.

Skar av seks kilo med feitt

Walaker deler oppfatninga til Fortun om at det er mykje flotte dyr.

– Det har vore mykje bukkar i området rundt Turtagrø, så dei har nok fått skote ein del der. Storflokken trur eg stort sett har halde seg på nedre Offerdal, seier Walaker.

At dyra har hatt det godt på beite, synte slaktinga av storbukken tydeleg.

– Det var veldig med feitt på den bukken eg skaut. Eg trur eg skar av seks kilo med feitt, så det var veldig, seier Walaker.

Han fortel at det er ekstra greitt å jakte i år fordi ein har fått på plass ein felles avtale.

– Det er veldig fint sidan vi har ein felles jaktavtale. Vi kan jakte over på grensa til Årdal, og vi kan jakte på alle private. Det har vore veldig fint slik, seier Walaker.

Læt vel av jegarane

Sjølv om Walaker ikkje skal ut med rifla i helga, står det framleis att litt jobb før jakta er ferdig.

– Søndagen går nok med på partering og behandling av kjøtet, seier Walaker.

Som jaktoppsyn skal Einar Fortun sjå til at jakta går skikkeleg føre seg, og han læt vel over det han har sett så langt.

– Eg har drive med dette i 29 år, og jegerane no er noko heilt anna enn før. Når ein er ute no, så veit ein at dei som er på jakt har alt på stell og gjer det dei skal, seier Fortun.