Hopp til innhold

Skatteetaten med storaksjon på Vestlandet

Skatteetaten set i gang ein storaksjon på Vestlandet denne veka. Over 1000 verksemder skal kontrollerast som eit ledd i kampen mot sosial dumping.

Tre bransjar skal under Skatteetaten si lupe

TRE BRANSJAR: Serveringsstader, bilverkstader og frisørsalongar skal under lupa til Skatteetaten.

Foto: NRK

Bakgrunnen for aksjonen er det nye kravet om personallister. Frå 1. januar skal blant anna serveringsstadar, frisørar, og bilverkstadar føre lister over alle som arbeider i bedrifta.

Frå Nordfjord til Rogaland

Marta Johanne Gjengedal

SENDER KONTROLLØRAR: Avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatt Vest.

Foto: Skatt Vest

– Bakgrunnen for at det er desse som har fått det nye regelverket er at ein ser av erfaring over tid at dette er bransjar med høg risiko for svart arbeid og svart omsetnad, seier avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatt Vest.

Verksemder frå Nordfjordeid i nord til Egersund i sør kan no vente seg besøk av Skatteetaten sine kontrollørar.

– Vi er opptekne av å komme oss raskt ut. Vi vil kontrollere at det blir ført personalliste, altså ei liste over dei som jobbar i verksemda. Når vi kjem ut vil vi kontrollere at alle som er i lokalet, er ført opp på lista, og at dei kan legitimere seg. Dette gjeld alle, uavhengig av dei får utbetalt lønn eller ikkje, forklarer Gjengeldal.

Kan gi bøter

Finn kontrollørane manglar, blir verksemda i første omgang gitt eit gebyr på 8600 kroner.

– Viss vi kjem att i løpet av eitt år og oppdagar at det framleis ikkje er i orden, så doblar vi gebyret til 17.200.

Ifølgje Gjengedal har tidlegare stikkontrollar vist at så mange som fire av fem verksemder innan dei aktuelle bransjane ikkje fører korrekte personallister.

Då eit liknande regelverk vart innført i Sverige for eit par år sidan, talet på registrerte arbeidstakarar med 6000 årsverk i året.

– Det gir oss ein indikasjon på at noko liknande vil skje her i Norge når vi no innfører dette regelverket, seier avdelingsdirektøren.