Hopp til innhold

Fransk opning til lita nytte for laget

SOGNDAL (nrk.no): Christophe Psyché gav Sogndal håp om sterke kjensler. Men ei god fransk opning frå debutanten var til lita nytte mot Odd.

Christophe Psyche

FRANSKE KJENSLER: Christophe Psyché jublar etter skåringa. Debutanten lovar god innsats i kampane framover.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Sogndal-trenar Jonas Olsson var glad for at Christophe var speleklar til oppgjeret mot Odd, og den ferske Sogndal-spelaren gjorde jobben på ein dag der mykje butta mot.

Etter 75 minutt sørga han for ulikning til 1-1, og etter kampen var det ein glad målskårar vi møtte. Trass at resultatet enda 1-3 til telemarkingane.

– Det var fantastisk og eg blei svært glad for å kunne utlikne for Sogndal, seier Psyché til NRK.

Måndag fyller han 26 år, og skåringa var nok ei god gåve på førehand til spelaren som kom frå Ham-Kam til Sogndal denne veka.

– Vi må arbeide hardt

Både han og kveldens andre debutant Babacar Sarr fekk meir enn godkjend-stempel etter kampen. Men det første heimetapet sidan 1. mai er surt å svelgje for Sogndal-spelarane.

– No må vi må arbeide hardt på trening og halde fram med å ha eit klart fokus. Når vi får sjansen til å score, så må vi score, og då vil poenga kome. Eg skal halde fram med å spele godt og gjere mitt beste for laget, seier Christophe Psyche.

Jone Samuelsen

SJANSELAUS: Mathias Dyngeland var ikkje særleg nøgd med eigen innsats mot Odd. Her setjer Jone Samuelsen inn 0-1 mot ein sjanselaus keeper.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Trening og atter trening framover

Sogndal spelte ikkje ein dårleg kamp mot Odd, men effektiviteten var slett ikkje bra. Ved fleire høve var heimelaget nær ved å setje ballen i mål, men det var kun Christophe som lukkast med sitt forsøk.

– Vi har jo ein god del store moglegheiter i kampen, men vi er ikkje så effektive. Men det er Odd, så det er berre å gratulere, var Sogndal-trenar Jonas Olsson sin korte kommentar utanfor garderoben etter kampen.

– Men korleis skal de klare å snu denne trenden?

– Trene, trene, trene og trene. Vi veit jo at vi er inne i ein tøff periode og no er det Godset neste, så er det berre å ta tyren ved horna og køyre på.

Mathias Dyngeland etter kampen mot Odd søndag.

SJÅ VIDEO: Mathias Dyngeland etter kampen.