Hopp til innhold

Skåra frå 53 meter – på ekte spissinstinkt

Kristian Fardal Opseth (25) har bøtta inn mål store deler av livet. Men etter overgangen til Sogndal i fjor, kom måltørken. No har det losna.

Kristian Fardal Opseth vil slå målrekorden til far sin. I dag dundra han ballen i mål frå 53 meter.

LETTA: Etter å ha dunka to ballar i nettet mot Hønefoss er måltørken over for Opseth.

– Det var utruleg godt å koma i gang etter den kanskje lengste måltørken eg har hatt nokosinne, seier ein sliten, men letta Kristian Fardal Opseth.

I kveld sikra han Sogndal tre poeng i 1. divisjonskampen mot Hønefoss på Fosshaugane Campus, etter to skåringar, den siste av det historiske slaget.

Kristian Fardal Opseth

SON TIL SOGNDAL-LEGENDE: – Eg har lyst å slå målrekorden til pappa, men han har lagt lista høgt, seier Kristian Fardal Opseth, son til Lasse Opseth med sine 256 skåringar for kvittrøyene.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Skåra på instinkt

For på stillinga 1–1 skjedde det noko på Fosshaugane som brått kan skje, når sogndalkaptein Rune Bolseth vinn ein duell mot ein hønefosspelar på midtbana og ballen trillar bort til ein sogndøl med eit velutvikla spissinstinkt, nemleg Kristian Fardal Opseth.

Opseth står midt på den 105 meter lange Fosshaugane-bana. I det han får ballen, og utan å snu seg for å sjå, dunkar han ballen oppover mot hønefossmålet. På tribunen uffar publikum seg og fattar ikkje kva sogndalspissen held på med.

Sogndal i duell

LUFTKRIG: Sogndal frykta fysisk sterke Hønefoss-spelarar, men Victor Grodås (f.v.), Ulrik Flo og Hannu Patronen dominerte og vann fortent 2–1 mot laget frå Ringerike.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg forstår dei godt, gliser Fardal Opseth etter kampen.

– Det er berre ein luring som gjer slikt. Då Bolseth snappa ballen frå hønefosspspelaren, såg eg ikkje opp ein gong, for eg visste at keeperar plar stå langt ute i slike situasjonar.

– Ein skåring på instinkt, rett og slett?

– Ja, eg vil seia det.

Vil slå pappa

Kristian Fardal Opseth er son av den smått legendariske Sogndal-spissen Lasse Opseth, som skåra 256 mål på 432 kampar for Sogndal.

– Eg tenkjer ikkje så mykje på det og opplever ikkje det han gjorde som noko press. Eg har derimot lyst til å slå han, men han har lagt lista høgt. Så eg må byrja for alvor snart, og det gjorde eg i dag, seier Opseth.

Sjefen nøgd

– Eg veit at det bur mange skåringar i Kristian. Og eg er imponert over måten han har jobba seg inn på laget på, ikkje minst arbeidet han har lagt defensivt, seier ein nøgd Sogndal-trenar Eirik Bakke, etter sesongens andre siger som gav tredjeplass på 1. divisjonstabellen.

Sjølv om Opseth lenge har vore rekna som eit stort talent, har han òg hatt motgang. I tre år sleit han med ein sjeldan leddgiktsjukdom, før han som 21-åringen kom i gang med fotballen att for Kaupanger.

Også i vinter var Opseth plaga med skade og sjukdom i periodar. Eirik Bakke er imponert over jobben eleven har lagt ned:

– Det er viktig for bygda og fylket at Sogndal har lokale spelarar som presterer. Kristian har vist at det går an.