Hopp til innhold

Skapte magisk stemning på skjermen

Varmt og intenst. Slik skildrar Sigrid Moldestad sin eigen konsert som langfredag vart sendt på NRK1 frå Åmot Operagard. Her kan du sjå heile konserten, og tre ekstra songar.

NRK P1 kåra Sigrid Moldestad sitt siste album til det beste norske i 2014. I denne intimkonserten frå den sjarmerande Åmot Operagard i Sogn og Fjordane presenterer ho noko av det beste frå sine fire album. Vi kjem svært tett på ein folkeleg musikar som elskar å formidle i både ord og tonar.

PÅSKEKONSERT: Her kan du sjå TV-konserten frå Åmot Operagard.

Langfredag fekk heile landet høve til å sjå Sigrid Moldestad med bandet sitt på fjernsynsskjermen.

– Eg hugsar det som ei veldig varm og intens oppleving i fantastiske omgjevnader, og eit publikum som bokstaveleg tala vart trakka på av meg eller sat i fanget på meg, fortel hovudpersonen.

Sigrid Moldestad syng Ein Sæl Kyss under konserten på Åmot Operagard

Første gong på Operagarden

Åmot Operagard har husa mange talent, men dette er første gong Moldestad spelar der sjølv.

– Det er ein fantastisk plass. Eg må ærleg innrømme at eg ikkje har vore der skikkeleg før, og det å komme inn i den verda som dei har laga der oppe, er ei oppleving i seg sjølv, seier ho.

Om nokon trur konserten var planlagt lenge må dei tru om igjen. Moldestad kallar det for nærast eit stunt.

– Eg var på turne på vidaregåande skular her rundtom saman med favorittbandet mitt då NRK tok kontakt. Vi slo oss rundt på kort varsel og bestemte oss for å gjere dette, fortel ho.

Sigrid Moldestad syng Vegen under konserten på Åmot Operagard

– Viktig å skape unike rammer

Og normalt er rulleteksten langt lenger enn det den var på denne konserten.

– Dette er eit godt samarbeid mellom oss føre og dei bak kamera og lyd, vertskap og publikum som måtte sitje varmt og tett. Men det er jo noko med at slike opplevingar blir jo det det blir nettopp fordi det er slik. Vi kunne gjort det lettare for oss ved å ha det i eit konserthus som vi eigentleg kom frå den dagen. Men eg er tilhengar av at det å skape unike rammer rundt også er ein viktig ting, seier Moldestad.

Sigrid Moldestad syng Tri Rosor under konserten på Åmot Operagard