Metallverket i Høyanger har spelt ei viktig rolle i norsk industrihistorie, og er framleis ei levande og høgteknologisk internasjonal verksemd. Men å lage konsert inne på området til Hydro Aluminium er eigentleg umogleg.
Stengjer ned produksjonen for konserten
– Dersom ein ikkje vågar å gå etter draumane sine, får ein ikkje skapt nye og spennande ting. Her har Hydro sagt ja til å stenge ned delar av produksjonen sin i Høyanger i vel eit døger, slik at vi får bygge om anodehallen til konsertlokale, fortel prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.
Alle dei 700 heldige som klarer å skaffe seg billettar til konserten må registrere seg med namn, får delt ut hjelm og vert passa godt på når dei skal inn på industriområdet. Det blir ei unik oppleving i tillegg til konserten. Planane er omfattande, for dette er aldri gjort i denne storleiken i Hydro sitt system tidlegare.
Billettsalet startar fredag morgon på www.tikkio.com, og det er jubileumspris til alle som kjøper den første veka. Dato for konserten er onsdag 18. november.
Hydro: – Det blir stemningsfullt og magisk
Direktør ved Høyanger Metallverk, Wenche Eldegard, seier at den største utfordringa for Hydro er å handtere så mykje folk til og frå konsertarenaen. Dei har alt no lagt konkrete planar for korleis det skal vere mogleg å arrangere konsert inne i ein av produksjonshallane.
– Vi har veldig strenge krav til tryggleik. Men vi har planlagt dette godt, og er sikre på at det skal gå bra. Det blir utruleg spennande og flott. Ei magisk og veldig stemningsfull oppleving, og ein flott måte å markere Høyanger sitt jubileum på, seier Eldegard.
Konserten skal bli TV-sending på NRK
Det er NRK Sogn og Fjordane si musikksatsing, Lutt, som har valt å legge sin årlege storkonsert til Høyanger. Dei siste åra har dei arrangert konsertar med Kringkastingsorkestret i Operahuset Nordfjord, storstilt julekonsert frå Sogndal og intimkonsert med Sigrid Moldestad frå Åmot Operagard.
Alle konsertane er blitt sende på NRK1 TV med høge sjåartal.
No ønskjer dei å vise fram nokre av dei beste musikarane frå fylket i ei røff og historisk ramme. Denne gongen skjer det med dei kommersielle arrangørane Hydro, Høyanger kommune, Sparebanken Vest og produksjonselskapet OnCue i Høyanger. NRK har ansvar for det som skjer på scena og skal produsere TV av det heile.
Nyttar høvet til å dele ut pris til årets artist
– Eg trur du skal leite lenge etter tøffare, røffare og meir industrihistorisk enn ramma rundt denne konserten. For publikum kjem heile opplevinga til å vere unik. Du får gå inn gjennom porten til aluminiumsverket, og når du kjem inn i produksjonshallen vil du sjå at heile veggen på bakscena faktisk er sjølve produksjonsmaskina. Her er alt både historisk og moderne på ein gong. Dette blir rett og slett fantastisk, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK.
Konserten inne på Hydro sitt industriområde vil vise fantastiske musikarar, men også formidle noko av det særeigne med industristaden Høyanger. Artistlista vert offentleggjort om kort tid, og ein kan glede seg til ei sterk musikalsk artistrekke i tøff innpakning.
I tillegg skal Luttprisen delast ut til årets artist frå Sogn og Fjordane under konserten. Prisen er mellom anna eit stipend på 25000.- kroner frå Sparebanken Vest.