Hopp til innhold

I fjor vitja han fem kontinent på éin dag - no vil han vitje 20 land på 24 timar

Gunnar Garfors har vitja alle dei 198 landa i verda, og hamna i Guinnes rekordbok for å ha vitja fem kontinent på éin dag. Frå midnatt skal han og to kompisar prøve å setje ein ny rekord nemleg 20 land på 24 timar.

Gunnar Garfors

EITT ÅR SIDAN: Så glad var Gunnar Garfors då han i fjor på 8. mai hadde vitja alle verdas 198 land.

Foto: privat

– Eg og to venner skal sjå kor mange land vi kan vitje i løpet av 24 timar, seier Gunnar Garfors frå Naustdal.

Gjeldande rekord er på 17 land, og denne håpar karane å slå med tre land. Iallfall viss alt går etter planen.

– Vi håpar å gruse rekorden, men vi får ta ein ting om gongen. Klarar vi 18 eller 19 må vi seie oss nøgde, men 20 land er målet, seier Garfors.

– Det er ikkje berre galskap, dette her. Vi gjer det litt for å inspirere andre også. Vi treffer stadig på folk som drøymer om både eitt og hitt, men dei gjer ikkje noko med det. Vi vil inspirere folk til å følgje draumane sine, seier Garfors.

Skal vitje ti prosent av alle verdas land på eitt døgn

Og klarar dei 20 land på 24 timar, så har dei vore innom om lag ti prosent av alle land i verda.

– Hadde vi halde fram i same tempo, så hadde vi besøkt alle landa i verda i løpet av ti dagar. Men det trur eg vi let vere til ein annan gong, seier Garfors.

No skal det rett nok seiast at Garfors har vitja alle dei 198 landa i verda allereie. Faktisk er det om få timar akkurat eitt år sidan han landa på Kapp Verde utanfor Afrika og hadde gjort unna alle landa. Datoen for det nye rekordforsøket er tilfeldig valt, men det er kanskje ikkje ein dum dato.

– Kanskje 8. mai har litt god karma? Det byrjar å bli ein tradisjon at eg er på reise den dagen. Spørst om eg må finne på noko neste år også, seier Garfors.

(Artikkelen held fram under biletet)

Reisekompisar

SNART I GANG: F.v. Gunnar Garfors, Øystein Djupvik og Tay-young Pak er klare for avreise når klokka slår midnatt.

Foto: garfors.com

Veit at det er små marginar

Saman med Øystein Djupvik frå Naustdal og Tay-young Pak frå Oslo startar Garfors på rekordforsøket ved midnatt. Då kastar dei seg i bilen og legg i veg.

– Vi håpar jo at det går, men det veit ein jo aldri. Plutseleg er det stengde vegar, ulykker eller punktering. Det er mykje som kan skje, så vi tek ingenting for gitt, seier Garfors.

Reiseruta har dei jobba med lenge, og dei har sett på mange forskjellige ruter, før dei landa på den dei har valt.

– Vi byrjar i Nederland, vidare til Belgia, Tyskland, Luxembourg, Frankrike, Sveits, Lichtenstein, Italia, Austerrike og Ungarn. Det er dei ti første landa. Så får vi sjå korleis det går, seier Garfors.

Han vil ikkje røpe heile resten av ruta, men for dei som er kartvane, så kan dei jo sjå om dei har eit forslag sjølve.

Slepp iallfall jetlag

Han understrekar at det ikkje er snakk om noko råkøyring.

– Nei, vi skal køyre lovleg, så det er ikkje noko tull. Men det er klart at vi får litt draghjelp på autobahn. Der går det liksom unna, seier Garfors.

Ideen vart utklekt for vel eit år sidan, men forarbeidet har først gått for fullt dei siste to månadane.

At det no blir 24 timar med minimalt med søvn, tek karane lett på.

– Vi kryssar ikkje ei einaste tidssone, så vi slepp iallfall jetlag. Eller vi kan heller seie at det er eit eigenpåført jetlag, ler Garfors.

Og for dei som er litt over snittet interesserte i den litt spesielle roadtripen, så kan ein følgje dei via GPS-tracking på www.garfors.com.

– Vi har eit kart der ein kan sjå kor vi er til ei kvar tid. Det er litt forseinking, men ikkje mykje. Så kan ein diskutere på Twitter eller Instagram eller kor det skulle vere, viss ein vil, seier Garfors.