Hopp til innhold

Skal ta i mot 160 flyktningar

Norsk Mottaksdrift ynskjer å etablere eit mottak med 160 plassar på det tidlegare skipsverftet i Eid.

Tidl. Eid Verft på Løkjaneset i Eid

ASYLMOTTAK: Skipsverftet på Løkjaneset blir hovudbase for det nye asylmottaket i Eid.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi vart orientert om dette av Norsk Mottaksdrift for om lag ei veke sidan, seier Alfred Bjørlo, som er ordførar i Eid.

Måndag ettermiddag vart det kjent at UDI har teke imot 27 nye tilbod om drift av ordinære mottaksplassar. I Sogn og Fjordane er det Norsk Mottaksdrift, som står bak dei tre nye tilboda. Det er Førde og Jølster som har mottak frå tidlegare, og Eid som får sitt første.

Tidlegare skipsverft

Mottaket i Eid får hovudbase på Løkjaneset i bustadbrakkene til det tidlegare skipsverftet.

– Størstedelen av mottaksplassane blir der, men det blir og plassar andre stader i kommunen, seier Bjørlo.

Alfred Bjørlo

FÅR MOTTAK: Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Eid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Totalt er det snakk om 160 plassar i Eid. Eit tilsvarande tal i Førde og 150 plassar i Jølster. Dette er ein del av utlysinga som UDI sende ut i november, der målet var 30 000 nye mottaksplassar over heile landet.

– Vi har frå Eid kommune vurdert å gjere noko i eigen regi, men har som dei fleste andre kommunar kome fram til at slik anbodet er utforma, så er det ikkje mogleg for kommunane sjølve å gjere det, så her blir det private aktørar som etablerer seg, seier Bjørlo.

NRK har så langt ikkje kome i kontakt med Norsk Mottaksdrift som står bak planane om dei tre nye mottak i Sogn og Fjordane.

– UDI skal no vurdere søknadane og sjå kven som stettar krava våre, og er kvalifiserte til til vidare forhandlingar, seier Atle Berge som er regiondirektør i UDI.

Oppstart i februar neste år

Etter planen skal det nye mottaket i Eid ta i mot dei første asylsøkjarane i februar 2016.

– Det som blir kommunen si oppgåve i samband med eit slikt mottak, blir å stå for helsetenester og naudsynt opplæringsteneste. Dersom det kjem born, blir det og å ha plassar i barnehage og skule, seier Bjørlo.

– Kor god budde er de frå kommunen si side?

– Vi hadde vårt første møte med Norsk Mottaksdrift på torsdag, sjølv om dette kjem litt brått, så må vi ta dei utfordringane vi får. Vi har heldigvis ei oppegåande teneste for busetting av flyktningar, slik at vi har i alle fall eit apparat som gjer at vi meiner vi berre må hive oss rundt, seier Bjørlo.